Publikumsmagnet

I fire dagar står bygda på hovudet, og dei største eldsjelene er knapt nok heime […]

I fire dagar står bygda på hovudet, og dei største eldsjelene er knapt nok heime for å strekka ut beina. Om lag 1.000 personar er i sving og jobbar dugnad. Det vil seia at ein fjerdedel av dei 4.000 innbyggjarane i Etne bidrar med arbeidskraft under marknaden. Utan denne dugnadsanda og stå-på-viljen hadde det ikkje blitt nokon marknad. Det er ikkje lite imponerande at denne vesle bygda år etter år klarar å samla nok folk til å ta på seg dugnadsvakter. Dugnadsanda er forbilledleg. Håpet er at dette held fram, også når ein ny generasjon etter kvart skal overta stafettpinnen.

26 år etter oppstarten er det ingen tvil om at Etnemarknaden er ein suksess, og er eit arrangement som har bidratt til å setja bygda på kartet. Men medaljen har alltid ei bakside. Marknaden drar til seg mykje folk, også mange ungdommar. Då er det ikkje uventa at det kan bli bråk, og det har det vore fleire år. Også i år viser politiloggen at ordensmakta har hatt nok å gjera  i ei elles fredeleg bygd. — Mykje fyll og bråk, var kommentaren frå politiet.

Det er ei utfordring å klara og halda fred og orden når så mykje folk samlast, særskilt ungdom. Kanskje burde ungdommen komma på banen for å hjelpa til med og løysa dei spørsmåla som reiser seg rundt dette temaet. Ungdomscampingen blei avskaffa etter bråket for to år sidan. Finst det for eksempel eit alternativ til ungdomscampingen? Ungdommen reiser til Etnemarknaden, ungdomscamping eller ei, og ein stad må dei gjera av seg.

Det ville vore interessant og visst kva ungdommen sjølv meiner kan bidra til ei rolegare helg, slik at ikkje Etnemarknaden skal bli prega av fyll og spetakkel. Kanskje kunne det vore ein idé å gjeninnført konkurransen om gratis sertifikat blant dei som held seg edru. Det kunne iallfall vore ein motivasjonsfaktor til å forhindra fyll blant dei aller yngste.