Solfrid Hustoft var på veg heim frå arbeid midt på dagen då ho såg steinblokkene rase ned frå fjellet som ligg som eit overheng ved Søndenåfeltet i Vikedal.
— Eg såg fire-fem blokker som kom nedover og knekte tre som stod i vegen. Dei stoppa eit stykke opp frå husa. Men eg synest det var ganske skummelt at det skjer så nær bustadene i feltet. Det høyrdes ut som torevêr, fortel ho.
Høyrde brak
Naboen hennar Terje Staksnes stod ute på altanen, men han fortel at han berre høyrde brak sidan skogen skjuler det som skjer lenger oppe. Steinar er komne ned til der barnehagen har uteaktivitetar.
Ingen av dei har registert steinsprang i fjellsida tidlegare.
— Eg er glad for at kommunen ser ut til å ta dette alvorleg. Her er mange hus og raset skaper uvisse . Ein kan ikkje vente til det skjer noko alvorleg før ein gjer noko, seier Hustoft.
Steinspranget var 13. november, og i midten av desember var det geolog frå Multiconsult oppe i fjellsida for å sjekke tilstanden.
Geolog advarar
Eit par av dei nye steinane Grannar observerte 100-200 meter frå hus, er så store at ein kan kalle dei blokker. Geologen såg ferske steinsprang i tillegg til det bebuarane i feltet har rapportert om. Han konstaterte også parti i sjølve fjellveggen med tvilsam stabilitet, og konkluderte med at det truleg finst fleire slike parti som ikkje er råd å observere frå foten av fjellveggen.
Steinsprang frå tidlegare tider har nådd ned til bebudd område, men geologen trur det er lite sannsynleg at nye vil nå så langt. Årsaka er at steinane stoppar i skog og steinur lenger oppe.
Men geologen advarar mot at det ikkje kan utelukkast ved uheldige omstende.
Fangvoll blir vurdert
Multiconsult påpeiker at sjølv om sannsynet er lite, er likevel konsekvensane store dersom uhellet skulle vere ute. Rådet er difor at ein kan sikre seg med ein fangvoll på oppsida av bustadfeltet. Det blir i så fall vurdert ein 2.5-3 meter høg og rundt 300 meter lang sikringsvoll.
— Det er ikkje noko umiddelbar risiko, men det blir påpeika at konsekvensane kan bli store dersom det går gale. Risikoen er difor stadfesta. Dette må vi vurdere nøye. Det handlar også om økonomi og blir i neste omgang eit politisk spørsmål, seier Tor Gunnar Skaar, leiar for tekniske tenester i Vindafjord kommune.
Det var han som vart varsla om raset og hyrte inn geolog. Han trur stor nedbør er årsakene til raset.
Han har også høyrt om ras i området for ein god del år sidan.