Rask start for russenter

— Eg trur dette må vera eit av landets finaste senter. Dersom me får det […]

— Eg trur dette må vera eit av landets finaste senter. Dersom me får det til økonomisk, ynskjer me å kjøpe eigedomen, seier Halvor Hansen, dagleg leiar ved Karmsund ABR –senter.
Vikedal Ressurssenter vart offisielt opna torsdag. Då var ordførar, bygdefolk og leiinga ved senteret til stades. Stortingsrepresentant Bjørg Tørresdal (KrF) var den som fekk æra av å stå for den høgtidelege og symbolske opninga.
— Ved å tenne eit lys, opna Tørresdal senteret. Lyset er symbolet til stiftelsen vår, fordi eit lys viser vei og gjer varme, seier Halvor Hansen.
God førebuing
Dei 11 tilsette ved senteret har brukt dei siste dagane til å bli samkøyrde og godt førebudde til dei første pasientane kjem i dag.
— Me startar litt roleg. På måndag kjem det tre-fire personar. I slutten av neste veke skal det vera litt i underkant av ti personar inne til behandling her, seier Halvor Hansen.
Staben består av fagfolk som sosionomar, psykoterapeut, sjukepleiarar og vernepleiarar.
— ABR –senteret er ein kristen stiftelse, i kor stor grad kjem dette til å verke inn på kvardagen til pasientane?
— Svært lite. Det einaste er at me kjem til å ha morgonmøte. Det er heilt frivillig om ein ynskjer å delta. Avdelingsleiaren, Kari Vik Stuhaug, er utdanna teolog, og stiller opp til samtalar dersom det er nokon som ynskjer det, seier han.
Travle dagar
Opphaldet til rusmisbrukarane er heilt frivillig, dei kan slutte når som helst. Dagane til pasientane er inndelt i eit program som varar frå 08.00 til 20.00. Då skal dei mellom anna innom gruppemøte, nokre timar med arbeid, eit par timar med fritidsaktivitetar, personlege samtalar med fagfolk og gruppeterapi. I helgene og på kveldstid tek dei tilsette pasientane med ut på kino, symjing eller turar i nærmiljøet.
Opphaldet på Mo varar mellom seks og åtte månadar. Den første permisjonen får pasientane etter omlag tre månadar.
— Det varierar veldig frå person til person når ein er klar for permisjon. Fyrst får dei ein dag fri, deretter ei helg og så tek me det derifrå, seier Halvor Hansen.
Etter opphaldet i Vikedal går turen til vidare behandling ved vidareføringsavdelinga på Avaldsnes. Der skal dei arbeide heile dagen, og få behandling på kveldstid.