Raunes klar for stål

Selskapet AF Decom er inne i siste fase av arbeidet med å bygge opp anlegget, […]

Selskapet AF Decom er inne i siste fase av arbeidet med å bygge opp anlegget, som skal ta i mot og resirkulere utrangert stål frå oljeplattformer. Første oppdrag er opphogging av Ekofisk-tanken. Etter planen skulle anlegget stå klart denne månaden, før tanken skulle komme i april. Dette har blitt noko forseinka. Det skuldast at arbeidet med å gjere rein tanken, før den kan hoggast opp, tar noko lengre tid enn planlagt. Mottaksanlegget på Raunes er likevel snart klart.
— No held me på med å utvide vegen ut til djupvasskaien, i tillegg til at me bygger verkstad. Deretter er det planering og asfaltering som står igjen, fortel Olav Ubøe, driftsleiar for AF Decom på Raunes.
Anlegget der blir den første opphoggingsplassen og den første avdelinga til AF-gruppen, som er eit prosjektbasert konsern med hovudkontor i Oslo.

Terrorsikring
Anleggsarbeidet starta i haust. Kaien på Raunes er delvis reparert og delvis bygd ny. I tillegg er det støypt ei 5000 kvadratmeter stor betongplate med membran under. Her skal alt forureina materiale handsamast.
— Betongplata er godkjend som tett, men som ei ekstra sikring er det lagt membran under den for å fange opp eventuelle lekkasjar, forklarer Ubøe.
Miljøkrava er strenge, og området blir jamleg målt for miljøgifter.
— Me har også gjerda inn området, delvis med betong, held Ubøe fram.
Selskapet er i gang med å søkje godkjenning som såkalla ISPS-hamn, som er ein karakteristikk på terrorsikra hamnar.
— Det kan fort bli tungvint viss me ikkje har denne godkjenninga, sidan me kjem til å drive ein del trafikk til Nordsjøen. Oljeselskapa er rekna som terrormål, og er såleis opptatt av dette, forklarer driftsleiaren.

Eksport til smelteverk
Opphugginga av Ekofisk-tanken er så langt det einaste oppdraget på Raunes. Men Ubøe spår lyse tider i denne marknaden, og selskapet er ute og leverer priser for å få fleire oppdrag. Liknande og konkurrerande anlegg finst på Stord, i Mekjarvik i Stavanger og i Lyngdal. I tillegg er eit til slikt anlegg under planlegging på Shetland, opplyser Ubøe.
— Det krev ein del kapital å satse så stort, kommenterer han.
AF Decom har så langt investert kring 25 millionar kroner i anlegget på Raunes. Ei ny kailine med djupvasskai ligg inne i ein ny reguleringsplan som er til handsaming. Denne utvidinga blir aktuell dersom selskapet får fleire oppdrag.
Stålet frå Nordsjøen skal grovhoggast på havet, og fraktast med supplybåtar til Raunes. Etter at finhogginga er gjort der, skal det eksporterast vidare til smelteverk i Europa.
— Det er iallfall ikkje noko problem å få seld det. Mesteparten av stålet går til Kina no, kommenterer Ubøe, medan han viser rundt på anlegget.

Treng folk
På det meste har det så langt vore 30 mann i arbeid for AF Decom på Raunes. No er vel 10 igjen og arbeider på veg og verkstad. Eit kontorbygg med ti kontorplassar står så godt som ferdig, og prosessen med å tilsetje folk til det er i gang.
— Me har søkt etter folk, stadfestar Ubøe.
I første omgang skal det tilsetjast seks – sju personar med kunnskap innan mellom anna HMS, innkjøp og logistikk, i tillegg til at det trengst prosjektingeniørar. Ubøe reknar med at det totalt vil vere bruk for mellom 20 og 30 mann på anlegget når opphogginga byrjar. AF Decom har så langt utsett å søkje etter resten av folka, sidan det ennå er uvisst når dei utrangerte stålkonstruksjonane frå Ekofisk-tanken kjem til kai på Raunes.
— Me blir varsla 90 dagar i førevegen, seier Ubøe.