Reagerer på mange feil

Det er konklusjonen til Tryggve Toresen som i løpet av mange år har sjekka tusenvis […]

Det er konklusjonen til Tryggve Toresen som i løpet av mange år har sjekka tusenvis av bilar. Barometeret for denne diagnosen er blant anna statistikk for EU-kontrollar.
— Eg vil ikkje akkurat skremme bileigarane, men eg synst det er grunn til å rope eit lite varsku. Når eg ser på statistikken, er eg overraska over kor få bilar som er feilfrie i EU-kontrollane, og kor mange som har alvorlege manglar, seier Toresen.
Han har 25 år bak seg med blikk for det som ikkje fungerer på ein bil. Han arbeider i dag som teknisk leiar hos Finnvik Bil i Imsland, og før det dreiv han Bilkontrollen i Ølensvåg i åtte år.
Også nyare bilar
Av 1.000 EU-kontrollerte bilar er det berre 100 som er feilfrie, viser ein gjennomgang han nyleg har gjort. Ein del av feila er uvesentlege, men i følgje Toresen har 60-70 prosent det han karakteriserer som alvorlege feil.
— Det kan vere trafikkfarlege manglar ved bremser og oppheng, seier han.
Han har lita tru på at bilparken stadig blir betre, snarare tvert imot fordi det er for mange eldre bilar som skulle vore ute av trafikken, og at også nyare bilar er i dårleg forfatning på grunn av lite tilsyn og sjekk av fagfolk.
— Folk kjøper ein fire år gammal bil og trur at dei har ein ny bil som dei berre treng skifte olje på av og til. Det er feil. Vi finn mange manglar på nyare bilar som ikkje er følgde opp med service og tilsyn. Utviklinga går ikkje i rett retning på dette området, snarare tvert om, er mi erfaring. Men det blir snakka lite om dette temaet.
Dårleg økonomi å vente
Toresen sin kjepphest er at det både er betre tryggleik og økonomi for bileigarane å sjekke bilen jamleg hos fagfolk. Han meiner tilstanden i bilparken er beviset på at for mange bilar blir køyrde heilt til større driftsproblem oppstår.
— Gjennom sjekk av bilen kan ein førebyggje og avsløre manglar på eit tidleg tidspunkt. Det er ikkje god økonomi å kutte ut service og vente til bilen kollapsar og rekninga blir på titaltusen kroner. Eg har ikkje tru på at det er lønsamt å la det skure og vente på at feil får utvikle seg. Det handlar om haldningar hos bileigarane, men kanskje burde vi som står på den andre sida og reparerer, vere flinkare til å oppdra bilistane i meir fornuftig bilhald.
EU sovepute
Den erfarne bilmekanikaren trur EU-kontrollane er blitt ei sovepute. Både fordi nyare bilar treng meir avansert feilsøking, pluss at standarden i EU-kontrollane er eit minimumsnivå og er ei godkjenning her og no
— At bilen slepp gjennom EU-kontroll betyr ikkje at den er ok fram til neste gong du blir innkalla. Denne sjekken avslører ikkje manglar som kan oppstå ganske raskt. Mange køyrer gjerne 60.000 kilometer til neste innkalling og det kan skje mange ting i løpet av den tida, seier Toresen.
Han ser også eksempel på at bileigarar tyner mest mogleg ut av bilane etter siste EU-kontroll og fram til bilen er mogen for vraking. Det kan vere ein risikosport. Han meiner eldre bilistar stort sett er flinke, og at dei yngre er opptatt av å ha ein relativt ny bil. Derimot meiner han aldersgruppa 30-50 år er dei som lar det skure mest.