Politiet fekk melding om brannen klokka 01.06 natt til tysdag. Det var huseigaren sjølv som melde frå om brannen og at han og kona hadde klart å komme seg ut av det brennande huset.
— Dei var åleine i huset og hadde vakna av at røykvarslaren i 2. etasje slo ut. Dei oppdaga då opna flammar og kraftig røykutvikling frå eitt av soveromma, fortel operasjonsleiar Johan Inge Særsten ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Brannvesenet dreiv med slokking fram til rundt klokka 03, og då var huset utbrent og berre litt av skallet stod igjen.
— Me veit ikkje kva årsaka til brannen er. Eg reknar med branntomta vil bli undersøkt i løpet av tysdagen, opplyser Særsten.
Redda seg ut frå brennande hus
Politiet fekk melding om brannen klokka 01.06 natt til tysdag. Det var huseigaren sjølv som […]