Rocka blueshelg i Skånevik

Det var på tide med den tiande Bluesfestivalen i Skånevik, og festivalleiinga hadde nok ein gong lagt […]

Det var på tide med den tiande Bluesfestivalen i Skånevik, og festivalleiinga hadde nok ein gong lagt seg i selen for å skaffe store artistnamn, med DumDumboys, Blues Brothers og Whitesnake i spissen.

Rocketorsdag 
Torsdagens store attraksjon var DumDum Boys, eitt av Noregs mest legendariske rockeband.
Gjennom heile 90-talet skapte dei mer eller mindre normen for norsk rock, og har i det siste befesta posisjonen sin ved å gi ut eit nytt, kritikarrost album 20 år etter at dei gjorde sin platedebut.
Det er mange som meiner at vokalisten Prepple er Noregs beste rockevokalist, og det var ikkje vanskeleg å seie seg einig i torsdag kveld. Intens, ærleg og energisk, men befriande fri for påtatte fakter. Dette var ein vokalist som søkte kontakt med sitt publikum. Og torsdagskonserten har vel aldri vore så godt besøkt med eit publikum som kunne bortimot alle tekstar som i går. Torsdagen gjekk dette året over frå å vere eit vorspiel til å vere ein fullverdig konsertdag, med spesiell stor appell til dei yngre vaksne.
Det seier litt om vitaliteten og aktualiteten til eit band som har halde på i rundt 20 år at dei kunne avslutte kvelden med låten «Enhjørning» frå det nyaste albumet sitt. Og jubelen ville ingen ende ta då «Splitter Pine» deretter dundra ut av høgtalarane. I løpet av ti år har også rocken funne sin plass i Skånevik Bluesfestival, og då DumDum Boys hadde gått av scena, var det ikkje eit punktum for kvelden, men snarare berre avslutninga av ein prolog for kva som var i vente resten av helga i Skånevik.

Blues Brothers innfridde
Etter torsdagens rockestart, var fredagen meir tileigna bluesen. Blueslunch har i fleire år vore staden der ein samlar krefter etter forrige kvelds storkonsertar. Stemninga vert også lett prega av dette, her er plassen der ein kan lene seg tilbake med noko godt å drikke, medan gode artistar får utfalde seg i eit litt mindre format enn bluesteltet kan tilby. At veret denne fredagen ikkje var på sitt beste, såg ikkje ut til å bry publikum nemneverdig, det vart snarare til at ein trekte lengre inn mot scena, noko som berre gjorde konserten enda meir intim. Med gode og varierte artistnamn, var det også noko å like for dei fleste, frå leiken og virtuos musisering frå Frogner Tennisklubb, til meir naken folk-blues frå The Pretty Things. 
Veret har derimot fint lite å seie når ein litt seinare på kvelden kunne flytte inn i det enorme bluesteltet. Etter torsdagens rockekonsert var det tid for meir bluesprega program fredagskvelden. Dette spegla også snittalderen, som var noko høgare enn på torsdagen, utan at ein derfor kunne merke det på stemninga. Bjørn Berge og Denise Lasalle underheldt publikum på godt vis, men det er ikkje å kome unna at dei vart eit forspel til det store trekkplasteret, The Blues Brothers. Tilbake i Skånevik etter knallsuksessen i 2003 med nokre av dei beste musikarane i sin sjanger, oppviste dei ein kombinasjon av teknisk briljans og publikumstekke utover det vanlege. Det var høgt tempo og fleire velkjente låtar på rekke og rad, og for mange blant publikum, kanskje særleg for dei dedikerte blueselskarane, vil nok dette stå som eitt av dei store musikalske høgdepunkta på denne festivalen.
Mange hadde lagt turen innom Skånevik laurdagen, og det var eit yrande folkeliv over alt kor ein snudde seg.
Også denne dagen kom det regn til Blueslunchen, men i motsetning til fredag heldt det nå ikkje å søkja ly under ein teltduk. Regnet fossa ned med så stor kraft at siste nummer av formiddagskonserten måtte utsetjast, medan folk sprang av stad og søkte ly med det ein hadde for handa, alt frå stolar til reklamebanner. Ei stund såg det nesten ut som at ein måtte kansellere, men til all lukke kunne Tutu Jones band, som hadde reist heilt frå Mississippi, få gjennomføre konsertsettet sitt. Dette vart nemleg eitt av dei musikalske høgdepunkta denne dagen, med driv som kan matche det aller beste.
Kvelden kom derimot til å vere i Whitesnake sitt teikn. Ikkje fordi dei nødvenigvis var det desidert beste bandet, men fordi eit slikt band unekteleg tar mykje plass og energi. Taktikken med å feie med seg publikum med hjelp av rå kraft er velprøvd, og viste seg å fungere bra også i Skånevik. Og sjølv om Whitesnake er i eliten kva rockband angår, er det ikkje til å komme unna at like mykje som eit musikalsk bidrag leverer slike storgrupper først og fremst eit sceneshow, med nesten kalkulert kraft. Det gjer at ein uansett sit igjen med ei oppleving, det er omtrent ikkje mogleg å halde seg likegyldig til det som vert levert på scena. Det var derfor ikkje berre enkelt for Omar & the Howlers å ta over scena etterpå med sitt tremannsband, men det viste seg at han hadde ein solid fanskare i publikum, og nesten mot alle odds heldt stemninga seg høg heilt til dei siste tonane forsvann ut i somarnatta.

Trond Husebø