Rockar opp festivalen

Skånevik er ikkje lagt ut på DumDum Boys sitt offisielle turnéprogram. Men bluesgeneral Alf Warloe […]

Skånevik er ikkje lagt ut på DumDum Boys sitt offisielle turnéprogram. Men bluesgeneral Alf Warloe Christophersen kan stadfeste at DumDum Boys inntar scena i bluesteltet torsdag 6. juli. Det blir bandet sin einaste stoppestad mellom Stavanger og Bergen denne sommaren.

Rockefest
Det er ingen tvil om at Skånevik bluesfestival har fått tak i eitt av landets mest populære rockeheltar som i mars var ute med ny cd etter åtte års tagnad med unntak av samleplata «Schlägers» for fem år sidan.
— Dette skal bli rock´n roll. Det er veldig bra at vi har fått klarsignal frå DumDum Boys. Det blir høgdepunkt i den rocka delen av festivalen. Her ligg det an til at mange vil synge med, seier Alf Warloe Christophersen.
Vel vitande om at bandet har ei hank med låtar som har snike under huda på mange, med «Splitter pine», «Tyven, tyven» og «Møkkamann» som ein del av denne knippa.

Stortromme
I følgje VG hadde ikkje Quartfestivalen råd til å innfri eit honorarkrav på 500.000 kroner for DumDum Boys til årets festival. Men Skånevik tar seg råd.
— Det høyrest ut som ein rå bløff at Quartfestivalen ikkje har råd til det når ein veit kva dei elles betalar. Men i utgangspunktet betaler ikkje vi så mykje. Vi har ein avtale der honoraret veks i takt med publikum, fortel Christophersen.
Dersom DumDum Boys drar like mange som Gary Moore og Scorpions har gjort før med rundt 4.000, kan bandet reise frå Skånevik med rundt ein halv million i lomma.
— Festivalen er ti år og det skulle berre mangle om artistbudsjettet ikkje er større enn tidlegare, seier bluessjefen.
Men han vil førebels ikkje avsløre budsjettet.

Gravitasjon
Frontfigurane Prepple Houmb og Kjartan Kristiansen i DumDum Boys fann saman igjen og bandet stod opp igjen under Norwegien Wood- festivalen i Oslo for tre år sidan. Ved påsketider i fjor gjekk bandet i studio igjen, og singelen «Enhjørning» fekk gode kritikkar. For ein knapp månad sidan var det klart for elleve nye låtar med albumet «Gravitasjon».
— Det er utvilsamt eit populært namn, og eg er glad for at dei valde oss her på Haugalandet.
I år er det er også ein smule jubileum for DumDum Boys som kom ut med det første albumet sitt i 1986 med «Bapshuari».

Blues frå Texas
Den britiske rockegruppa «Whitesnakes» er tidlegare booka inn som trekkplaster om laurdagen. Christhopersen har nye store namn på blokka som kan bli klare etter påske. Men han er førebels ganske taus om kven det er.
Derimot er det klart for amerikanske «Omar & The Howlers» på bluesmenyen. Det er kongen av Texas-blues, og Omar er sjølv oppvaksen i ein liten by i Missisippi.
Nytt på lista er også «The Pretty Things». Alf Warloe Christophersen karakteriserer dei som historias største rythmn blues band i England. Bandet skal ha utekonsert ved House of Blues på kaien.