Rulla opp amfetaminmiljø

Gjennombrotet i etterforskinga av amfetaminmiljøet kom fredag for to veker sidan, då Vindafjord-politiet beslagla eit […]

Gjennombrotet i etterforskinga av amfetaminmiljøet kom fredag for to veker sidan, då Vindafjord-politiet beslagla eit stoff som dei trur er amfetamin. Dette første beslaget, i ein bil, førte til at politiet kunne gjera ein serie nye beslag, mellom anna i ein bustad i Vindafjord.
— Me har pågripe fem personar i denne saka. To av dei har tilknyting til Vindafjord, men dei bur andre stader i landet. Ein er frå Etne, ein er frå Ølen og ein er frå Haugesund, opplyser lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord.
Den hovudmistenkte er tidleg i førtiåra. Ifølgje Haugesunds Avis er både han og sambuaren tidlegare straffedømde, og dei kjem opphaveleg frå Austlandet.
Yngstemann blant dei arresterte er 22 år gamal. Gjærde opplyser at politiet vil ta ut tiltale mot alle dei fem som blei pågripne, og han utelukkar ikkje fleire pågripingar.

Fire i varetekt
Ein av dei arresterte har vedkjent seg skuldingane om vidaresal, kjøp og bruk av stoffet, og han er sett på frifot. Tre av dei andre er varetektsfengsla for ein månad, medan femtemann er varetektsfengsla for to veker.
Polititenestemenn i Ølen, Etne og Vindafjord har hatt indikasjonar på eit aukande misbruk av amfetamin den siste tida. Av omsyn til etterforskinga ønskjer ikkje lensmann Ingvar Gjærde å gå ut med alle detaljane i tilknyting til denne saka ennå.
— Er dette det same amfetaminmiljøet som politiførstebetjent Arild Austrheim i Ølen har åtvara mot i lokalpressa tidlegare?
— Det er litt for tidleg å seia. Me er heilt i innleiingsfasen i etterforskinga, seier lensmann Gjærde, som førebels er tilbakehalden med detaljane.
Politiførstebetjent Niljann Hustoft ved Vindafjord lensmannskontor leiar politietterforskinga i samband med amfetaminbeslaget.