Rullator inga hindring

Politikarar på alle plan er ansvarlege for at alle innbyggjarar skal få same høve til […]

Politikarar på alle plan er ansvarlege for at alle innbyggjarar skal få same høve til både å uttala seg og komma med sine ønske og krav. Det same ansvar har me som arbeider i mediebedrifter, anten det er i ei lokalavis, riksavis eller i radio og på fjernsyn. Det er lett å oversjå menneske som ikkje er vane med å stå fram til fordel for dei som trivest i rampelyset. Det vera seg politikarar, kunstnarar, sportsidol eller andre «kjendisar».

Ei gruppe menneske som lett kjem i skuggen, er eldre og andre som av ulike grunnar bur på institusjon eller i andre tilrettelagde husvære. Dei blir lett gjort om til klientar, bebuarar eller pasientar. På ein måte mister dei sin tidlegare identitet og status. Me har lett for å gløyma at den einskilde sin personlegdom ikkje blir endra sjølv om dei fysiske kreftene minkar.

Det er derfor så bra når eldre menneske er med og set dagsorden. Hundre år gamle Haakon Lie snudde i innspurten av fjorårets valkamp opp ned på alle parti sine flotte og dyrt betalte slagord. I klar tekst sette han ord på korleis den offentlege omsorga fungerte i hovudstaden. «Stoppeklokkeomsorg» blei slagordet som snudde heile valkampen.

I Grannar er det også fleire eldre som har stått fram med sine meiningar. Både gjennom lesarinnlegg og på redaksjonell plass. Det er uhyre verdfull informasjon, både til politikarar og samfunnet rundt seg. Både me i media og alle andre må vakta oss vel for ikkje å «umyndiggjera» menneske som av alder eller andre grunnar byter adresse. Me må aldri gløyma at alle har same rett til å bli høyrde. Dersom det ikkje ligg spesielle forhold til grunn, er det ikkje noko som tilseier at me skal gå vegen om «pårørande» når dei det gjeld er høgst oppegåande, sjølv om dei brukar rullator for å ta seg fram.