Runda 100 med stil

Få har som Hans Olav Tungesvik vore med på å forma den moderne utgåva av […]

Få har som Hans Olav Tungesvik vore med på å forma den moderne utgåva av Noregs Mållag. I 1965 vart han som den yngste nokon gong valt til leiar. På landsmøtet i Ål.
— Eg var 29 år den gongen, og hadde heilt sidan eg starta med medisinutdanninga mi i Oslo vore engasjert i målsaka. Det var ei tid prega av indre strid. Kraftige konservative krefter ønskte ein heilt annan kurs enn det me andre ville ha. Ein kurs som garantert ville vore svært skadeleg for den moderne nynorsken sin plass i samfunnet vårt. Kuppforsøket vart slege ned, og då eg etter seks års leiarskap takka for meg, var det i eit samla og framtidsretta mållag, minnest Tungesvik. Han er også den leiaren som har site lengst etter krigen.

Strålande
Fredag ettermiddag og kveld var det kongeleg mottaking og feiring på Det Norske Teatret.
— Det har vore ein fantastisk dag. Eit verdig høgdepunkt og ei flott markering, meinte den profilerte målmannen frå Skånevik. Her var dei alle. Kong Harald, kronprins Haakon, ministrar, stortingspolitikarar, kunstnarar og ein stor bukett med oppdressa og bunadskledde nynorske heidersfolk.
På plass var sjølvsagt også sonen til Hans Olav, Steinulf. Han har som kjent også vore leiar i Noregs Mållag, i ein kort periode før samferdsleminister Navarsete kalla han til politisk teneste.

— Sterk kraft
— Dagen i dag viser at nynorsken er ei sterk kraft med høg status. Ein organisasjon av meir eller mindre friviljuge har tromma saman til ein fest som saknar sidestykke i Oslo. Eg er verkeleg stolt over det me har fått til. For sjølv om eg måtte melda pass i leiarstillinga, har eg gjort kva eg har kunna av dugnadsarbeid for at dette skal bli eit minnerikt jubileumsår. Og opptakten var av beste merke. At kongehuset stiller med to personar fortel også sitt, meiner ein tydeleg stolt og glad Steinulf Tungesvik.

Stor interesse
Unge Tungesvik starta som kjent ein underskriftskampanje for å få nynorsk også i dei store laussalsavisene. Nærare 40.000 signerte på oppropet, og den siste veka har det faktisk vore fleire artiklar på trykk i VG om mållagsjubileet. På nynorsk.
— Klart det er gledeleg. Det fortel også at det nyttar å stå på. I løpet av 2006 skal me ha eit utal av jubileumsarrangement over heile landet. Eg håpar verkeleg at det vert ein spire til endå større innsats for nynorsken i åra som kjem. Og den kampen skal me vinna.

PS! Det er ikkje berre skåneviksbuar i nyare tid som har skrive seg inn i nynorsksoga. Skal ein tru ei liste over personar som var til stades då Noregs Mållag vart skipa i Oslo, natt til 5. februar 1906, var det ein lærar Tveit frå Skånevik mellom dei godt og vel 130 utsendingane. Målsaka har med andre ord hatt solide støttespelarar lokalt i 100 år.