Rundt festduka bord på Lionstreff

Lions-medlemene hadde dekka bord og klargjort festsalen til arrangementet medan deira «betre halvdelar» hadde sørgd […]

Lions-medlemene hadde dekka bord og klargjort festsalen til arrangementet medan deira «betre halvdelar» hadde sørgd for smørbrød, kaker og kaffi. Presidenten i klubben, Ola Vikedal, leia samkoma på ein god måte og gjorde sitt til at stemninga ved bordet vart god, – og drøsen gjekk triveleg når anledningen baud seg.
Hobbyfotografen Peder Lundegård stod for ein viktig del av underhaldninga, – han viste eit rikt utval fine bilete frå meir eller mindre kjende stader i kommunen, – mest landskaps- og naturbilete. Med si klare røyst hadde han ein fengande og god kommentar til kvart einaste bilete
Den lokale gruppa «Syng og spell» var og med. I to omgangar framførde dei ei rad gamle og kjente songar i reine «husker du» stil. Dei spela òg til allsongen.
Ei lita utlodding høyrer òg til ved slike høve, og det vart på førehand opplyst at overskotet av loddsalet i år skulle gå til tiltak for eldre i kommunen.
På vegner av gjestene retta Erik Østbø ei takk til Lions-klubben for invitasjonen, – han gav uttrykk for at det hadde vore ei hyggeleg stund og at dette var eit positivt tiltak som han vona ville fortsetja, – også i åra som kjem.
Tiltak for eldre er eitt av satsingsområda for Lions, og Lions Club Vindafjord har sidan starten for meir enn 30 år sidan arrangert eldretreff kvar vår. Mange positive tilbakemeldingar frå pensjonistar og andre gjer at alle i klubben gler seg til desse arrangementa lang tid i førevegen.
Det må også nemnast at Ola Sørheim kvart år stiller opp med bussen sin for å transportere folk til og frå desse eldretreffa.

Lars Vormestrand, pressekontakt