Rus på motorsykkel

Politiet tok såkalla utvida blodprøve med tanke på narkotiske stoff. Klokka 20.50 måndag kveld fekk […]

Politiet tok såkalla utvida blodprøve med tanke på narkotiske stoff. Klokka 20.50 måndag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulukke der ein motorsykkel låg i grøfta i 60-sona i Øvre Vats. Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at politiet rykte ut, men det var ingen førar i sikte. Etter litt undersøkingar kontakta politiet ein huseigar i Ølen der det viste seg at den mistenkte sjåføren også var. Han vart sett i varetekt i Haugesund, og vart sleppt fri igjen etter eit avhøyr på tysdag.