Sakna belgier i god behold

18-åringen var i god form og hadde halde seg varm ved å laga bål. Den […]

18-åringen var i god form og hadde halde seg varm ved å laga bål.
Den 18-årige belgiske guten var på fjelltur saman med ein 17-åring frå Tysvær, men dei to var usamde om kva veg dei skulle gå ned og skilde difor lag. 17-åringen kom ned ved Langfoss i 18-tida søndag og meldte då frå om at kameraten ikkje var komen ned.
— Eit Sea King-helikopter søkte i går kveld og redningsmannskap frå Etne Røde Kors var på lyttepost i natt. Kl. 07.00 i dag tidleg blei redningshelikopter sett inn igjen. Ca. 08.30 blei det meldt frå om at guten var komen ned til Markhus, seier Jan Erik Matre, lensmann i Etne.