Saknar satsing på kunnskapsløftet

I brevet står det: «Det å innføra ein ny reform, krev mykje tid. Det bør […]

I brevet står det: «Det å innføra ein ny reform, krev mykje tid. Det bør setjast av midlar i budsjettet til dette viktige arbeidet.» Utdanningsforbundet ber også om at dei midlane som skulane ikkje nytta i 2006, vert overført til budsjettet for 2007, sidan det må investerast i ein del nye bøker som fylgje av kunnskapsløftet. I fjor vart timetalet for tilpassa opplæring redusert med 2-3 prosent frå 25 prosent. Sidan Etne kommune har signalisert at økonomien har betra seg, meiner Utdanningsforbundet at dette timetalet bør bli auka til 25 prosent att.