Utgangspunktet er at dei skal presentere matrettar av vestlandske råvarer på Salone del Gusto i den italienske industribyen. Dei skal vere med i eit lag på 16 kokkar, to servitørar og to støttespelarar som skal presentere prosjektet Fjordmeny på den gedigne happeningen der såkalla slow food blir diska opp og vist fram.
Fjordmeny er eit prosjekt i regi av NHO Reiseliv Region Vest. Også kjøkkensjef Tomas Sletten på Skånevik Fjordhotel skal delta på dette vestlandslaget.
Presentere råvarer
— Vi skal hente inspirasjon og ikkje minst presenterer gode råvarer. Det er spennande å få profilere norske matvarer i utlandet, meiner soussjef Frida Eikemo på Fugl Fønix Hotel.
Boknafisk, tørrfisksuppe eller flatbrød med sild og poteter, er ikkje det som er mest profilert på menyen til Fugl Fønix. Like gjerne ein miks med inspirasjon frå italiensk, spansk og thai kjøkken i den same gryta.
— Vi vil neppe ta vanleg tradisjonsmat direkte inn på menyen vår. Vi må finne vår eiga form på det og utvikle vår eigen meny. Råvarene er det mest interessante, seier kjøkkensjef Carina Vevang Valsvik.
Ho vil gjerne lære meir om norsk tradisjonsmat, men bruke råvarene i tråd med dagens standard og Fønix sin profil.
Unik sjanse
Med rundt 1.600 utstillarar frå fem kontinent, og eit par hundre tusen besøkande, er det ganske store dimensjonar på denne messa. Matrørsla for slow food handlar om å ta vare på mattradisjonar, ikkje minst dei som er i ferd med å forsvinne.
Det handlar også om å lage maten frå grunnen av, og ha god tid til både å lage og ete den.
— Dette er vi opptatt av på vårt kjøkken også ved å bruke gode råvarer og lage maten frå grunnen av. Det blir sikkert mykje å lære i Torino, ikkje minst om råvarer, både norske og utanlandske. Det er ein unik sjanse til å finne ny inspirasjon, seier Valsvik.
Fjordmeny
Fjordmeny skal drive fire restaurantar på Salone del Gusto for å presentere råvarer og tradisjonar frå vestlandske fjordar. Der skal dei servere lunsj og middag, med blant anna stort medieoppbod over skuldra og som smaksdommarar.
Menyen er i hovudsak lagt, men det blir også litt rom for eksperimentering innanfor desse rammene. I går reiste dei til Italia med råvarer som villsau, laks, Boknafisk, flatbrød, lefse og eple frå Hardanger.
Messa startar i dag og varar fram til måndag. Deretter skal Carina Vevang Valsvik og Frida Eikemo tilbake til kjøkkenet på Fugl Fønix med det dei håpar blir gode idear til nye vriar på tradisjonelle råvarer.
Sakte mat i Torino
Utgangspunktet er at dei skal presentere matrettar av vestlandske råvarer på Salone del Gusto i […]