Samde om felles PP-teneste

Det har ikkje vore stille rundt organiseringa av PP-tenesta for nye Vindafjord den siste tida. […]

Det har ikkje vore stille rundt organiseringa av PP-tenesta for nye Vindafjord den siste tida. Både lokalisering og samarbeidsplanane med Etne har blitt stridstema.
— No legg me bak oss det som har vore. Her er ingen såre tær, framhevar Arne Bergsvåg, ordførar i Ølen.
Han meiner dei tre kommunane er inne i ein god straum: nyleg gjekk dei saman om breiband, og førre veke blei det også semje om ei PPT-avtale.
Utekontor i Etne
Det var administrasjonen i nye Vindafjord og Etne som førre veke sette seg saman. Dei fann ei løysing som tar vare på viktige interesser.
— Rådmennene har hatt drøftingar. Dei har tolka vedtaka i fellesnemnda og Etne kommunestyre, forklarer Amund Enge, ordførar i Etne.
Etne kravde enten lokalisering av tenesta i Ølen, eller eit eige utekontor dersom nye Vindafjord heldt fast på avgjersla om å plassere den nye pedagogisk-psykologiske tenesta i Vikedal. Etne får no gjennomslag for det siste. Nye Vindafjord har ikkje gjeve etter for press om å flytte PPT til Ølen. Hovudkontoret blir i Vikedal, slik intensjonen var.
— Dette er i tråd med vedtaket fellesnemnda gjorde om å samarbeide med Etne. Me sa også at det skulle vere kontor i andre bygder, og no presiserer me at det skal vere kontor i Etne, utdjupar vindafjordordførar Reidar Håvås.
Stillingskabal
Truleg blir utekontoret i Etne plassert på Enge skule. Det blir administrasjonspersonalet i kommunane si oppgåve å få til ei ekstakt organisering av fellestenesta fram til ho trer i kraft 1. august.
— For å få ei tenleg drift blir det etter alt å døme konsultasjonsplassar på dei største skulane, framhevar Bergsvåg.
Tilsetjingskabalen er heller ikkje heilt klar. Frå før har PPT i Vindafjord hatt tre-fire tilsette, medan det har vore fem i Ølen og Etne si felles teneste. Det er ikkje heilt klart kor mange det blir i den nye tenesta. Gisle Kopperdal ved PPT-kontoret i nye Vindafjord er i gang med å organisere dette.
Fagfolka som førre månad takka nei til jobbar i nye Vindafjord, og i staden let seg tilsetje i Etne kommune, blir dermed framleis del av Vindafjord si teneste. Lokaliseringa av tenesta til Vikedal var medverkande for at fagfolk trekte seg. Det har kome fleire reaksjonar på at PPT burde liggje meir sentralt.
Skal vedta budsjett
Brukarane av PPT i dei tre kommunane kjem ikkje til å merke store endringa.
— Det blir same folka, men berre litt omorganisering, seier ordføraren i Ølen, og legg til at tilbakemeldingane han har fått på vendinga i saka er positive.
Nær halve kommunestyret i Etne ønskte på førre møte å droppe forhandlingane med Vindafjord, og heller få til samarbeid med andre nabokommunar.
— Me hadde dialog med andre, og var ikkje avhengige av å samarbeide med Vindafjord, sjølv om det er det me helst ønskjer, påpeikar Enge.
I tillegg til å få gjennomslag for eit utekontor, har også Etne kommune fått gehør for sitt ønskje om større makt i budsjetthandsaminga. Etne får vere med å vedta budsjettet for PPT.
Dei tre ordførarane reknar no saka som politisk ferdighandsama. Dei legg ikkje skjul på at dei er godt nøgde med at det blei ei samarbeidsavtale til slutt.