Søskenparet på ni og elleve år i Ølen er imponert over responsen etter at dei sette i gang innsamlingsaksjonen sin ved Ølen senter. Engasjementet for å hjelpe ofra for monsterbølgja i Søraust-Asia gav full utteljing for Ruben og Tonje Strand Hauge som bur i Osen i Ølen. På måndag tømte dei innsamlingsbøssa for siste gong og bankkasserar Gerd Ellinor Eikje oppsummerte til 10.405 kroner.
Imponerte
— Vi gjekk sikkert fram og tilbake til banken ti gonger dei to dagane vi sat på senteret. Nesten alle gav noko, også dei som hadde gitt på andre måtar før. Det var flott at folk ville gi, seier Tonje Strand Hauge.
Ho og broren sat med eit bord med duk og lys på, og med heimelaga plakatar om at dei samla inn pengar til katastrofeområda i Asia.
Men hjelp av mora Wenche Strand kontakta dei lensmannen som gav klarsignal for innsamling når dei hadde avtale med banken som stilte bøsser til disposisjon. Pengane går til Norges Røde Kors sin hjelpeaksjon i Asia.
Tenkte på barna
Søskenparet var ikkje i tvil om at dei ville hjelpe på ein eller annan måte etter å ha sett skrekkscenarioet på fjernsynet.
— Vi har ikkje fått sett alt, men nok til å vite kva som skjer. Det er mange ungar som har døydd, og det er barn som har mista foreldre og venner. Heile landsbyar er øydelagde og mange av dei som overlevde har ikkje noko igjen, seier Tonje.
Til saman fire og ein halv time nyttårsaftan og dagen før, gav fleire hjelpekroner enn dei hadde tenkt seg på førehand. Ei stund var også venninna Herlaug Aasen Risøy med på innsamlinga. Fire hundre kroner fekk dei inn ved å ta seg ein tur til Ølen omsorgssenter.
Hus og mat
Dei synst det er flott at millionar av kroner blir samla inn over heile landet. Ti tusen kroner vil også monne ein del, trur søskenparet.
— Eg håpar pengane går til Indonesia som er verst ramma. Det er over 93.000 omkomne der. Eg håpar pengane når fram til dei som ikkje har hus og mat, seier Ruben Strand Hauge.
No håpar dei at nordmenn og andre delar av verda vil vere med på å hjelpe katastrofeområda i Asia i tida framover. Det er ikkje første gongen Tonje har samla inn pengar til naudstilte i andre land. Ho og venninner har tidlegare hatt små basarar til inntekt for Redd Barna.