Sauenæring i fall

Lokalt er det dei første vekene av året slakta 20 prosent meir sau samanlikna med […]

Lokalt er det dei første vekene av året slakta 20 prosent meir sau samanlikna med året før. Dette er med på å streka under at fleire enn før vel å leggja inn årane.
Eit anna teikn på at det er slik, er at det i Noreg i dag ikkje vert produsert nok saue- og lammekjøt til å dekka etterspurnaden her i landet. Me må importera langt meir kjøt enn det som har vore normalt tidlegare.

Truleg er det fleire årsaker til at det har gått denne vegen. Ein har sett tendensen over tid, og ein kan ikkje lenger driva med sau på hobbybasis. For mange er det slutt på tida der ein dreiv med sau i småskala fordi det var kjekt å ha dyr på garden meir enn at det skulle vera god økonomi i det. Stadig kjem det nye krav til dyrehaldet. Påbod om brannvarslingsanlegg er eit døme. Det er neppe avgjerande for om ein skal driva eller ikkje, men til slutt når ein eit mettingspunkt.
«Sau er ålreite dyr» sa Liv Finstad frå RV i valkampen hausten 1983. Partiet gjekk då inn for å auka sauehaldet i Noreg. Sauen er framleis eit ålreit dyr, og det må leggjast til rette for at ein framleis kan ha småskalaproduksjon av sau her i landet.

Sauen er viktig på fleire måtar enn berre til matproduksjon. Eit aktivt sauehald er til dømes med på å halda attgroinga tilbake. At mange vel å slutta av kan ein forstå, men då blir det også viktigare å støtta opp om dei som vel å halda fram.
Det viktigaste er å få god nok pris på den vara ein produserar. Når det er underproduskjon av sauekjøt i Noreg, bør det absolutt vera mogeleg å heva prisen produsenten får. I tillegg må ein sjå til at det går an å vera lukkeleg som liten. For små vestlandsbønder, ofte på små og karrige bruk, har sauen alltid vore nyttig. Det må han framleis få lov til å vera.