Seia det ein meinar – og meina det ein seier

Men så er det dette med relasjonar og før og nå. Ser ein attende 40 […]

Men så er det dette med relasjonar og før og nå. Ser ein attende 40 år i tida, til 1967 og åra utetter, så er biletet noko nyansert. I dag er det mest kjekling om kven som har vore best til å halda lovnader. Men lovnader og lygner dei «vandrar så skjønt tilhobes». «Ingen kroner til skattelette før det skinner av eldromsorgen» sa nåverande statsminister Stoltenberg. Han meinte truleg måneskin – for av den gror det ingenting.
Då folketrygda vart innført i 1967 så skulle den finansierast av tre partar: arbeidsgjevar, lønstakar og staten. Og fondet vaks og vaks – så mykje at staten syntes dei kunne bruka av det også til andre som ikkje hadde finansiert det. «Skjæra reimar av annan manns rygg». Føresetnaden om å regulera i takt med lønsutviklinga blei også gløymt. noko som utvikla seg til «Noregshistoriens største ran», (Norsk pensjonistforbund sin karakteristikk). Pensjonistane måtte sjå seg lurte.
Elles heiter det i skattelova at pensjonistar (67 år) og andre med slike rettar, skulle ha eit særfrådrag ved skattelikninga. Dette var òg i ferd med å gløymast. Minstefrådrag ved skattelikninga er også mindre for pensjonistar. Det var for godt til dei, heitte det.
I samband med den nye pensjonsreforma, som alle partia har gått med på unnateke Frp, så vert det også frå pensjonisthald og fleire snakka om ran. Staten har nemleg ikkje råd å betala pensjon i framtida etter den nåverande modellen. Det vert for mange gamle – må vita. På same måten var det med sjøfolka etter krigen. Staten lurte dei for avsette hyrer under krigen. Det var så inderleg lett å gjera det etter at jobben var gjort. Sjøfolka kjente seg lurte. Men stortingsrepresentantane har sikra seg rimeleg gode pensjonar – sjølvsagt.
Og så nemner eg i farten ein eldremilliard som i si tid førte til mange raritetar i kommunane – ein eldremilliard som skulle koma dei eldre tilgode i form av tilbod.
Så er det elles nok å nemne debatten om maten til dei eldre ved institusjonar, eldre som statistisk er underernærte, hjelpeordningar som er reduserte, og det verste av alt: eldre kring om i landet som ikkje får sjukesengeplassar.
Det er freistande å bruka Prøysen sine ord i visa: «Alltid ska dom hakke på oss» (les eldre). Eldrepolitikken har likevel mykje godt i seg, men likevel burde det vere plass for å «rette oppatt aille feil i frå i går». Parolen til politikarane bør vera: Slutt med å lova slikt som ikkje kan haldast. Me har mange eldre og einslege i samfunnet som ikkje alltid får det dei fortener. Men me har òg få alt for mange som får mykje meir enn dei fortener.


Endre Heggen