Seier opp tilsette

— Dei tilsette har fått beskjed om at me legg ned dagens konsept, men me […]

— Dei tilsette har fått beskjed om at me legg ned dagens konsept, men me ser på ei løysing med eit anna konsept, seier styreformann Jan Kåre Pedersen i Stord Dialog.
Intensjonen er framleis å ha ei avdeling i Etne.
— Det blir ein light versjon tilpassa den bemanninga me har tilgjengeleg. I den fasongen me driv det nå, legg me det ned og så får me vurdera om me set opp ein liten satellitt dersom to til fire vil halda fram med å jobba. Me kan ikkje halda fram med å ha to, tre og fire på jobb når me har lagt opp til ti på dagen frå måndag til fredag, seier Pedersen.
Det vil i tilfelle framleis vera telefonsal, men det blir ikkje kveldsskift og dei tilsette vil bli fjernstyrte frå Stord. Pedersen seier det er opp til dei tilsette om dei opprettar ein slanka versjon av Etne Dialog.
Stord Dialog starta opp i Etne for å ha eit større folketalsgrunnlag etter at avdelinga blei lagd ned i Skånevik nettopp på grunn av for lite folk, men også nå er det mangelen på arbeidskraft som set ein stoppar for bedrifta.
— Det er ikkje økonomien eller salet som er årsaka. Det er rett og slett ikkje folk, seier Pedersen.

Åleine på jobb
Fredag var Mette Lise Hansen den einaste på jobb ved Etne Dialog.
— Det er forferdeleg trist. Eg har hatt det ganske triveleg og miljøet oss i mellom har vore godt. Det er ikkje akkurat draumejobben å vera telefonseljar, men dei dagane det har gått bra har det vore kjekt, seier Hansen, som også opplevde å mista jobben sin då Western Geco i Etne blei lagd ned.
Ho har jobba heiltid ved Etne Dialog sidan oppstarten 1. november. Torsdag fekk ho og dei andre tilsette melding om at dei berre har jobb fram til 20. mai.
— Eg skulle leva av dette. Nå veit eg ikkje kva som skjer, seier Hansen.

Utrygg
Då Grannar snakka med henne fredag i 13-tida hadde ho ringt 146 samtalar og utført tre sal sidan kl. 09. Heller ikkje den 147. samtalen gav noko sal. Med ei grunnløn på 70 kroner timen pluss provisjon er ikkje slike dagar til å bli rik på.
Like før Etne Dialog blei oppretta, starta også Stord Dialog opp ei avdeling i Rosendal.
— Vesentleg fleire vil jobba i Rosendal. Det er ikkje samanliknbart, seier styreformann Pedersen.
Han seier at det var bra med folk i Etne i byrjinga, men etterkvart har det blitt færre og færre.
— Me har aldri vore i nærleiken av dei måla me sette oss. Me har drive med for lite folk, seier Pedersen.
Mette Lise Hansen er usikker på om det blir oppretta ein light versjon av Etne Dialog, og veit heller ikkje om ho i så tilfelle er interessert.
— Det var sagt at det var eit høve til det, men det er ikkje sagt at det blir. Hadde eg fått ein annan jobb, hadde eg heller tatt den, seier Hansen.