Med mesteparten av Vestlandet mellom Bergen og Stavanger som marknad, har Varmepumpespesialisten i Skånevik seld mest varmepumper av merket Toshiba i heile landet sidan dei starta i 2001. For dette mottok dei nyleg pokalar og påskjøning frå Toshiba sentralt.
Marknadssjef i Toshiba, Gunnar Solem, seier det er viktig å støtte opp om lokale firma.
— For både oss og kundane er det avgjerande å ha sterke, seriøse aktørar. Difor er det viktig å støtte opp om dei. Eit slikt resultat som Varmepumpespesialisten har oppnådd, gjer seg ikkje over natta, seier Solem.
Det er brørne Einar og Charles Arefjord, saman med Frode Molnes, som står bak Varmepumpespesialisten, som er autorisert forhandlar for Toshiba. Dei har dessutan tilsett installatør og kontormedarbeidar. Kontor og lager har dei på Skånevikstranda, men arbeidet gjer at dei er ute på reise det meste av året, fortel dei.
Best i test
Varmepumpene dei sel er blitt kåra til best i test to gonger av «Dine penger», og dette er sjølvsagt ein av grunnane til den store etterspurnaden.
Charles Arefjord seier at dei legg vekt på å vere ei miljøbedrift, og at energiøkonomisering er eit stikkord når dei presenterer seg i marknaden.
Etterspurnaden etter varmepumper har til tider vore så stor at dei har måtta leige inn eit par mann ekstra for å få arbeidet unna, fortel han.
Det er om hausten folk kjem på at dei vil ha varmepumpe, difor er det som venteleg størst etterspurnad då.
— Like før jul blir det ofte ein topp, då mange kjem på at dei vil ha varmepumpe til jul. Men dette har endra seg noko dei siste åra, tendensen har meir blitt at folk bestiller heile året, og at dei også kan tole ei litt lengre ventetid, seier han.
Nytt produkt
I desse dagar er Varmepumpespesialisten i gang med å installere eit nytt produkt hos Helge Haaland i Etne.
Denne varmepumpa skal gi både golvvarme og varmt forbruksvatn, opp til 80 grader, tidlegare gjekk temperaturen berre opp til om lag 50 grader. Med så låg temperatur kunne det danne eit miljø til å utvikle legionellasmitta.
Pumpa, som blir installert hos Helge Haaland, er ikkje kome på marknaden endå, og blir installert som ei prøve. Til nå er dette tredje pumpa av dette slaget som blir sett opp, dei to andre er i Oslo.
Helge Haaland fortel at han har venta med å installere varmepumpe til ei slik som denne skulle kome på marknaden.
— Eg visste det berre var snakk om ei teknisk utvikling før ei slik varmepumpe ville kome på marknaden. Teorien har vore kjent, og det har berre vore spørsmål om når ho kom, seier Haaland.
Systemet gjer at turtalsregulatoren heile tida tilpassar seg t og regulerer seg ned etter behov. Dette kan vere opp til 40 prosent meir energisparande enn før.
Dei nye varmepumpene med dette systemet vil kome på marknaden i sommar.