Ser ingen uheldige koplingar ved gåve

Det relativt nyetablerte mottaksanlegget til AF Decom sanerer utrangerte marine konstruksjonar på Raunes, og selskapet […]

Det relativt nyetablerte mottaksanlegget til AF Decom sanerer utrangerte marine konstruksjonar på Raunes, og selskapet ekspanderer. For ei tid tilbake gav selskapet signal om at det ønskte å gi ei gåve til Vindafjord kommune.
Dette vart signalisert både overfor kulturkonsulent Eva Kalstveit, og i møte med rådmann Helge Thorheim og ordførar Arne Bergsvåg der andre tema som gjeld selskapet var på dagsorden.
Gåva frå Decom AS vart deretter kanalisert til Tusenårsstaden i Ølen sentrum. Det er forløpet dei tre gir.

Gåve samstundes
Den 4. mai skreiv selskapet eit brev til Vindafjord kommune og ordførar Arne Bergsvåg der AF Decom gir klarsignal for ei gåve på 100.000 kroner. Parallelt med ønsket om å gi ei gåve, har AF Decom til behandling ein ny reguleringsplan der planprogrammet var oppe til politisk behandling i formannskapet den 8. mai.
I brevet skriv verksemda mellom anna:
• «En pågående planprosess skal forhåpentlig ende opp med en ny reguleringsplan for Raunes industriområde. Dette arbeidet eren del av en nødvendig oppgradering og modernisering av anleggets infrastruktur og andre fasiliteter».
• «Samarbeidet med Vindafjord kommune fungerer på en utmerket måte og vi ser fram til et fortsatt like godt samarbeid i fram-tiden. Som bekreftelse på vår tilfredshet med å vere ”leietaker og innbygger” i Vindafjord kommune ønsker AF Decom derforå gi en gave på NOK 100.000 kroner til arbeidet med tusenårstaden i Ølen.»

Hadde utspelet
For eit selskap i vekst er kommunen ein viktig medspelar i form av saksbehandling. I januar gav også kommunen ei fråsegn om endring av utsleppsløyvet til selskapet. I tillegg leiger AF Decom industriområdet av Vindafjord kommune.
Anleggsleiar Sigbjørn Skjørholm hos AF Decom på Raunes har hatt kontakten med Vindafjord kommune. Han ser ingen samanheng mellom gåva og at bedrifta har søknader til behandling i kommunen.
— Vi må regulere for å kunne drive, og det har ingen samanheng med at vi vil gi ei gåve. Vi er langsiktige i Vindafjord og ville gitt ei gåve uansett, seier han.
Han seier det verken var Decom eller kommunen som tok initiativet til gåva, men at Decom tok utspelet etter at dei var presentert for Tusenårsprosjektet som manglar finansiering.
— At næringslivet stiller opp er nødvendig for å få til ein del ting. Vi er ei av dei største bedriftene i Vindafjord, og ønskjer å bidra med noko vi òg, seier Skjørholm.
Han ser ingen kopling mellom gåva og søknader, men vil ikkje kommentere om det er uheldig samanfall mellom søknader og gåve. Han viser også til avdelingsdirektør for Offshore i AF Decom, Bengt Hildisch, for spørsmål om gåvebrevet der bedrifta nemner reguleringsplanen og det gode samarbeidet med Vindafjord kommune.
Skjørholm opplyser at han skreiv under på brevet på vegner av Hildisch for å få det sendt.

Ingen samanheng
Avdelingsdirektør Hildisch understrekar at det ikkje er noko samanheng mellom gåva og arbeidet med reguleringsplanen, sjølv om begge deler er nemnt i brevet.
— Vi har aldri tenkt å lage noko kopling mellom desse to sakene. Kanskje skriv vi for mykje i brevet, og eg ser at det kan falle uheldig ut og oppfattast feil dersom ting vert tatt ut av samanhengen. Mitt inntrykk er at kommunen har integritet, men dersom nokon meiner at dette er uheldig får vi trekkje gåva eller kommunen takke nei, seier Bengt Hildisch.
Han ser ingen problem med at verksemda gir ei gåve samstundes som dei har ei reguleringssak gåande.
— Eg har inntrykk av at andre næringsdrivande også gir gåver til kommunen, og vi vil også gi. Vi har tidlegare også gitt bidrag til kyrkja, idrettslaget og Vats skule. Det er naturleg at ei stor verksemd gir gåver, seier han.