Sette ny løyperekord

Kvamsåsen rundt vart for 23. gong arrangert førre søndag ved Vikebygd bygdehus. Her var det […]

Kvamsåsen rundt vart for 23. gong arrangert førre søndag ved Vikebygd bygdehus. Her var det turmarsj og mosjonsløp arrangert for folk i alle aldrar. For dei mest aktive var det eit mosjonsløp på elleve kilometer som gjekk rundt Kvamsåsen på asfalt, traktorveg og sti. Til saman var det 53 deltakande på mosjonsløpet, der Urige Buta frå Haugesund IL gjekk av med sigeren. Buta sprang inn til ny løyperekord, og knuste Knut Erik Rame sin førre rekord med over eitt minutt. Urige Buta, som sprang Kvamsåsen rundt for fyrste gong, sletta dermed den fire år gamle løyperekorden. I dameklassen var det Miriam Berg Hovda, som også sprang for HIL, som gjekk av med ein suveren siger. Grannar-pokalen gjekk i år som i fjor, til arrangørklubben Vikebygd.
For ungane var det lagt opp eit eige mosjonsløp. Alle ungar under tolv år kunne delta på eit løp som var på rundt 600 meter. Rundt 50 ungar sprang det dei orka på grusvegen rundt bygdehuset. Då dei kom i mål vart dei mottekne med applaus og medalje frå publikum som stod rundt mållinja.
— Minikvamsen som barneløpet blir kalla, er veldig populært for ungane. Det er kjekt at ungane også kan få delta i sitt eige løp, seier leiar for arrangementet Kjetil Skartland. Han var ein av dei mange som har vore med og stelt i stand Kvamsåsen rundt.
— Me har ein flott gjeng som har stått på for å få til denne dagen. Miljø og trivsel er det viktigaste me tenkjer på når me lagar til denne familiedagen.
På Kvamsåsen rundt er det ikkje berre turmarsj og mosjonsløp som er populært. Inne på bygdehuset var det sal av kaker, pølser og mykje anna for dei som ville ha det.
— Her inne kan folk sitja og kosa seg med kaker og kaffi. Me et faktisk opp 23 kaker i løpet av denne dagen, seier Kjetil Skartland, som er fornøgd med dagens oppmøte.
— Det er jo cupfinale og regn i dag, så me hadde ikkje forventa at det skulle komme så mange. Men dei som kjem, kjem for miljøet. Det er det som drar folk her, legg han til.