Sikring av kvaliteten på drikkvatnet på Bjoa

Ølen vassverk har bygd reinseanlegg og på den måten sikra at vi nå har god […]

Ølen vassverk har bygd reinseanlegg og på den måten sikra at vi nå har god kvalitet på drikkevatnet på Bjoa. Dette er eit stort framsteg som kommunen så vel som vassverket fortener å få takk for.
Tida går fort, og det er alt gått nokre år sidan planane for vassverket blei godkjente. I dei planane ligg og føresetnaden om at vasskvaliteten skal sikrast for framtida ved at det blir innført restriksjonar på arealbruk i nedslagsfeltet. Utan slike formelle reglar er det ikkje heimel til å kontrollera arealbruken. Eit godt reinseanlegg er viktig, men det beste er sjølvsagt at vatnet er så reint som mogeleg når det kjem fram til reinseanlegget.
Når kjem reguleringsplanen som skal sikre drikkevasskjelda på Bjoa? Vi etterlyser det siste elementet i prosjektet Bjoa Vassverk.

Karl J. Granberg
Formann, Folkets Røst
Vindafjord