Silkeføre på fjellet

— Så nydelig. Dette er eit spennande område, kjem det på bergensdialekt frå Anne Karin […]

— Så nydelig. Dette er eit spennande område, kjem det på bergensdialekt frå Anne Karin Magnussen.
Ho har aldri vore i denne delen av Etnefjella før.
— Eg kjem opphavleg frå Haugesund, og har vore mykje på Olalia, men aldri her, held ho fram.
Ho har fått god drahjelp av hunden Tell opp første kneika til Hjørnåsvatnet. Og ho har akkurat svelgd angsten frå køyreturen opp Kritlelia til Skarstølen.
— Det var vilt å kome seg opp, seier ho, og innrømmer at ho kjende det i magen medan ho sat i bilen opp den bratte og svingete anleggsvegen.

Ferie med kontrastar
Magnussen står og ventar på turfølgjet sitt, Stig Kvinge – også han frå Bergen. Dei har eigentleg vinterferien på ei hytte i Sveio, men skal besøke ein bror som er på Basurd-hytta i Etnefjella. Det blir diskusjon om kvar vegen går vidare når løypa gjev fleire alternativ til retning.
— I går gjekk me på tur frå Ryvarden fyr til Lyngholmen, og i dag er me her. Så det er gode kontrastar, slår Magnussen fast, før dei legg i veg innover dei folketomme Etnefjella.
Det er nemleg ikkje mange som har funne vegen opp i høgda denne vinterferiemåndagen, men når klokka går mot eitt sig det på med fleire folk. Nokon kalde vindkast varslar om at fjellet gjerne ikkje er fullt så fredfullt som det ser ut frå låglandet.

Første gong på ski
Åtte år gamle Catarina Horge Sverkesen pustar letta ut ved Røde Kors-hytta på Hjørnås. Ho går på ski for aller første gong, og ho kan nøgd slå fats at ho har kome seg opp den første lange bakken. Ho har med tanta si, Ann Mari Vika, som instruktør.
— Det er litt vanskeleg, vedgår Catarina.
Men likevel ikkje verre enn at ho vil gå vidare. Både tante og niese kjem frå Haugesund.
— Farmora til Catarina har campingvogn i Etne, forklarer tante Ann Mari.
På vegen opp frå Skarstølen kjem to til med ski på beina: Steinar Timenes og Anne Brit Klungland, begge frå Ølen. Dei har med seg med hunden Figaro.
— Det er første turen vår i år på vinterføre. Me skal til Stavanger seinare i ferien, seier Anne Brit.
Dei har ikkje planlagt rute for skituren, men vil gå innover dei oppkøyrde løypene.

Gode vêrutsikter
Godt vêr og fint føre blir det truleg også for dei som ikkje har vinterferie, men må vente til helga før dei kjem seg ut. Dei kan likevel bli snytt for noko sol. Vêrmeldinga varslar om godt vêr til neste veke, men det kan sjå ut for at sola kjem til å gøyme seg bak enkelte skydekke i helga. Eit høgtrykk i Nordsjøen får æra for det fine vêret. Og denne ferien er det for ein gongs skuld Vestlandet som kjem best ut. Langrennsløypene og hyttene ligg i alle fall klare i Etnefjella.