Siste forsøk i Etne

Flyttinga av Skånevik Dialog forklarer Jan Kåre Pedersen med at det har vore vanskeleg å […]

Flyttinga av Skånevik Dialog forklarer Jan Kåre Pedersen med at det har vore vanskeleg å få tak i nok tilsette i Skånevik.
Komande tysdag vil det bli halde eit orienteringsmøte i Etne.
— Interessa på dette møtet vil avgjere kva som skal skje framover, men eg håper vi er på plass her i ledige lokale i Meieriplassen kjøpesenter innan om lag ein månad, seier han.
Ønsket er i første omgang å tilsette ti personar på dagtid og nokolunde det same på kveldstid.
Pedersen fortel at andre stader er telefonsal populært for skuleungdom på ettermiddagen. Når det gjeld arbeidet elles, passer det for alle.
— Mange av dei beste seljarane våre er godt vaksne personar. Men opplæring vil bli gitt, difor håper eg alle interesserte kjem på orienteringsmøtet, seier han.
På møtet vil Pedersen ha med seg tillitsvalde som vil fortelje frå sin ståstad. Han legg ikkje skul på at han har mykje å tilby. Dei beste seljarane kan kome opp i ei timeløn frå 150 til 200 kroner.

Investerer ein million
Om det blir ein realitet med telefonsal frå Etne, vil Jan Kåre Pedersen i Stord Dialog investere rundt ein million kroner i nytt utstyr.
— I Skånevik har vi drive manuelt. Det går ikkje lenger, difor vil vi investere rundt ein million kroner i nytt digitalt utstyr i Rosendal og Etne. På Stord har vi dataløysing, fortel han.
Pedersen er ikkje redd for å satse i firmaet som han i dag eig 100 prosent.
— Vi har mange oppdrag. Ja, vi har faktisk leveringsproblem. Vi kunne tilsett endå fleire telefonseljarar. I Rosendal står folk i kø for å få arbeid. Lukkast det ikkje i Etne denne gong heller, blir det ingen fleire sjansar. Sauda er ein aktuell stad å prøve, og i Rosendal er det mogleg å utvide, seier han.
Stord Dialog vil i 2005 kome opp i ein omsetnad på rundt 13.5 millionar kroner, med eit resultat på 1,5 millionar.
Sjølv om Pedersen synest dette er kjekt å arbeide med, legg han ikkje skjul på at han gjer det for å tene pengar.

Populært for skuleungdom
Ordførar Amund Enge er lei seg for at verksemda må flytte frå Skånevik. Men han er glad for at kommunen får ein sjanse til.
I dag har bedrifta fleire tilsette frå Etne enn frå Skånevik.
— Det er flott at verksemda ikkje legg ned, men prøver meir. Frå kommunalt hald vil vi gi den hjelp og støtte som trengst for å få dette til. Eg trur òg skåneviksbuen skjønar kvifor ein måtte ta dette steget, når arbeidskrafta manglar der. Dessutan har vi dei vidaregåande skulane både her og i Ølen. Når ein høyrer at dette arbeidet er populært blant skuleungdom, håper eg det same vil gjelde i Etne, seier Amund Enge, som har stor tru på at nok folk melder seg til å få i gang telefonsal frå Etne.