Sit att med 25 kroner dagen

Rannveig Tungesvik bur i bufellesskapen på Skånevik omsorgssenter. Der har ho eit rom og eit […]

Rannveig Tungesvik bur i bufellesskapen på Skånevik omsorgssenter. Der har ho eit rom og eit bad for seg sjølv, og har felles matstove, kjøkken og to andre opphaldsrom saman med sju andre bebuarar. Rommet hennar er omlag 21 kvadratmeter stort, inkludert badet. For dette betaler ho 4.755 kroner i husleige kvar månad. Oppvarming og kommunale avgifter er inkludert, men rommet er umøblert.
I tillegg betaler Rannveig 2.578 kroner i månaden for abonnement på alle måltida. Heimehjelp har ho ein gong i veka og betaler til saman 600 kroner i månaden for det.
Rannveig får utbetalt 8.709 kroner i minstepensjon kvar månad. Dermed har ho 776 kroner att å bruka på vask, toalettsaker, presangar, telefon og andre ting.
— Eg hadde hatt lyst til å vore hos fotterapeuten igjen, men eg syt med det. Det kostar 300 kroner, og eg kan jo gå utan òg, seier Rannveig medan ho kikar lengselsfullt ned på beina sine.

Sendt klage
— Eg hadde ein som hadde bursdag i går og då tenkte eg: Har eg råd eller må eg la vera? Han fekk nå ikkje det eg ville gitt han, seier Rannveig.
— Alle har jo lyst å gi barna og barnebarna sine litt. Eg synest det er forferdeleg utriveleg å ha det slik, seier Rannveig.
Nå må sonen Lars Ove Tungesvik spytta litt i for at økonomien skal gå opp.
— Det er greitt nok å hjelpa, men kva med dei som ikkje har pårørande. Ho har litt pengar i banken, men det er ikkje all verda. Nå har ho måtta bruka litt av dei, seier Lars Ove.
Han synest prisen for rommet er altfor høg.
— Dette er det minste og dårlegaste rommet. Ein ser ikkje noko, ser rett bort på skogen. Ein får jo leiga eit hus for denne prisen, seier Lars Ove.
— Det er eit trist rom. Eg ser ikkje sjøen eller noko, seier Rannveig.
Ho flytta inn i bufellesskapen 15. november. Nå skal ho søkja om bustøtte, men veit ikkje om ho får.
Aller helst ville 85-åringen ha flytta heim igjen til Tungesvik, men det lar seg ikkje gjera. Knea er slitte og etter at ho fekk hjernebløding, klarer ho ikkje å bu heime i det gamle huset lenger.

Dyr tryggleik
Det er alltid personale frå omsorgssenteret tilgjengeleg i bufellesskapen. Rannveig får hjelp til dusjing ein gong i veka, elles steller og kler ho seg sjølv.
— Eg spør dei om så lite eg kan for dei har det så travelt, seier Rannveig.
Sonen set pris på å vita at mora har det trygt. Likevel synest han prisen for tryggleiken er svært høg.
— Dei skal jo sjølvsagt betala litt for å bu her, men ikkje mesteparten av inntekta. Kommunen spelar på at dei gamle ikkje seier frå. Det er ei skam av politikarane, seier Lars Ove, som saman med mora rosar jobben betjeninga gjer.
— Kva ville du sagt til politikarane viss du hadde sjansen?
— Eg ville sagt at dette er for dyrt for ein minstepensjonist, seier Rannveig.
— Dei burde gjerne kome og sett kva dei gamle får for prisen og så ville eg stilt dei spørsmålet om dei hadde godtatt det sjølv, seier Lars Ove.