Sjølvforsynt av det meste

Av dei største ragar Westcon i Ølensvåg og Hatteland Gruppen i Vats høgast. Men det […]

Av dei største ragar Westcon i Ølensvåg og Hatteland Gruppen i Vats høgast. Men det er mange fleire. Ikkje minst innan næringsmiddelindustrien med to store slakteri som flaggberarar. Til saman sysselset desse industrimotorane fleire hundre personar.

I tillegg til dei store bedriftene, er det ein heil skog av mellomstore og mindre bedrifter i distriktet. Eit distrikt som me kan strekkja i alle retningar, alt etter kor langt me vil rekna. Det som er viktig for dei som bur innover bygdene er at det er eit variert tilbod om arbeid innan ein rimeleg pendlaravstand. Då kan både Haugesund, Stord og Odda vera eit alternativ. Men tyngda av arbeidsplassane bør liggja nær til der ein bur.

Ein oversikt i dagens Grannar viser at kvar tredje arbeidstakar i våre tre kommunar pendlar til jobb. Ølen, Etne og Vindafjord måtte ha skaffa seg over 700 nye jobbar dersom alle yrkesaktive som bur her også skulle arbeida i desse kommunane. Dei tre kommunane drar først og fremst nytte av den felles arbeidsmarknaden på Haugalandet. Men medan Etne og Vindafjord har underskot på arbeidsplassar, har Ølen eit overskot. Det vil seia at fleire pendlar inn til kommunen enn dei som pendlar ut. Forklaringa er at Ølen har fleire store bedrifter enn nabokommunane.
Dette viser kor viktig det er for ein kommune å ha bedrifter og folk som torer å satsa lokalt. Samt ein kommune som har forstått kor viktig det er med arbeidsplassar. Etne og Vindafjord har ein del å henta for å nå igjen Ølen. Ein aktiv næringspolitikk er alfa og omega for å få levedyktige kommunar og bygder.