Men om ei så brei tilslutning også er garantist for statskyrkja i lang tid framover, er det nok delte syn på. Både Sosialistisk Venstreparti og Høgre var raskt ute med å seie at avtalen er eit viktig steg i retning av fullt skilje mellom staten og kyrkja.
Vi har ein lang tradisjon der statskyrkja er ei folkekyrkje som samlar store delar av det norske folk. Det er ein viktig tradisjon å ta vare på. I ei folkekyrkje må det vere høgt under taket, og like stort rom for den som søkjer til kyrkja i nokre fasar i livet, som for den bekjennande kristne.
Når utnemninga av biskopar og prostar blir overført frå kyrkjeleg statsråd til kyrkjelege organ, blir det representative demokratiet i politikken, erstatta av demokratiet i kyrkja. Stortinget krev difor at kyrkja må innføre ei demokratireform slik at fleire vil ta del i kyrkjelege val.
Det er ein god tanke, men likevel det springande punktet for korleis forholdet mellom folk og kyrkje blir i tida framover. Kyrkja får eit endå større ansvar for at vi også i framtida skal ha ei folkekyrkje.
Senterpartiet har vore mest i tvil. Partiet fryktar at lausriving mellom stat og kyrkje kan føre til større avstand mellom kyrkje og folk.
Men det er ingen veg utanom meir kyrkjeleg sjølvstyre, og eit større skilje mellom stat og religion.
Det blir likevel framleis ein god porsjon lim mellom stat og kyrkje trass i endringane. Den evangelisk-lutherske kyrkja skal forbli «Norges Folkekirke» og finansierast av staten.
Det er difor å håpe at det blir ei god løysing som tar vare på ei folkeleg kyrkje. Det er eit dårlegare alternativ med fullt skilje mellom stat og kyrkje.