Sjuk fisk utan adresse

Det vart observert ein del småtorsk som ikkje såg heilt frisk ut på Utbjoa i […]

Det vart observert ein del småtorsk som ikkje såg heilt frisk ut på Utbjoa i helga. Politiet rekna med at det dreia seg om rømt oppdrettstorsk. Dagleg leiar ved Vest Marine Produksjon AS, Trond Ove Alvseike, ynskjer ikkje å kommentere saka, men avvisar at torsken kjem frå hans oppdrettsanlegg. Han har sjekka fisken og merdane grundig. Ein dykkar konstaterte at alle merdane er intakte, det er difor umogeleg at den sjuke fisken kjem frå Vest Marine Produksjon AS. I fylgje Fiskeridirektoratet fins det ingen andre fiskeopprett som driv med torsk i Bjoa –området.
— Me har ikkje høyrt noko om denne saka her på huset, seier Reidar Rødne i miljøvernavdelinga ved Vindafjord kommune.
Politiet i Vindafjord, kjem ikkje til å gjere noko med saka vidare, i og med at det ikkje føreligg noko melding.