Sjukefråvær og alkohol

Ifølgje forskar Sverre Nesvåg skuldast heile 33 prosent av kortidssjukefråværet og 15 prosent av langtidsfråværet […]

Ifølgje forskar Sverre Nesvåg skuldast heile 33 prosent av kortidssjukefråværet og 15 prosent av langtidsfråværet alkohol. Dette er svært høge tal, og dei viser at dette er eit samfunnsproblem som må bli teke meir på alvor enn i dag.
Sjukefråværet kostar samfunnet mykje pengar. Regjeringa kuttar også i midlane til sjukeløn. Men skal ein kunne gjera noko for å redusera sjukefråværet, må ein først vita kva problemet er. Det får ein ikkje dersom legane ikkje stiller rett diagnose.
Truleg er det få legar som har problem med å seia til ein pasient at ein må kutta ned både på røyk og usunn mat for å få betre helse, men når det kjem til alkohol så vegrar ein seg altså. Slik kan det ikkje vera. For mykje alkohol er skadeleg for helsa, og det må ein våga å seia ifrå om.

I denne samanhengen er det også rett å minna om at når ein aukar tilkomsten til alkohol og gjer det lettare å kjøpa den, så vil også forbruket, og derav misbruket, gå opp.
Alkoholisme er eit problem som råkar fleire enn den som er alkoholikar. Også det er ein grunn til at ein slik debatt er viktig å våga ta.
Eit paradoks i debatten om sjukefråværet er at mange også opplever drikkepress gjennom jobben. I middagar og andre sosiale arrangement, gjerne på vekedagar, blir det servert alkohol. Når ein veit at dette kan føra til at fleire er vekke frå jobben, eller har redusert arbeidsinnsats, dagen etterpå, har også verksemdene eit ansvar å ta.
Nokre yrkesgrupper er på sosiale arrangement i samband med jobben fleire gonger i veka. Det er lett å sjå at dette kan ha uheldige konsekvensar. Enkelte verksemder har alt innført alkoholforbod eller reglar for bruk av alkohol i samband med jobb. Dette er ein måte å ta ansvar på, både for dei tilsette og bedrifta, som mange kan læra av.