Skal berge bustader

Ei nesten 500 meter lang renne i terrenget skal sikre at folk i Østbøfeltet i […]

Ei nesten 500 meter lang renne i terrenget skal sikre at folk i Østbøfeltet i Sandeid kan sove trygt om natta sjølv om ekstrem nedbør piskar mot husveggen.
Takrenna skal hindre at bekker i fjellsida går vill nedover i bustadfeltet gjennom hus og hagar. Vatn på vidvanke historie når den djupe kanalen fører vatnet til Grautåna.
Som ei takrenne
Flaumsikringa over Østbøfeltet skal vere ferdig i mai, deretter står ein kanal mot Strand for tur. Entreprenør Vidar Øvrevik starta med jobben i september, og han har oppdraget saman med entreprenør Bjarne Nordtveit.
— Det er eit stort og kjekt arbeid. Det er først og fremst tre større bekker som skal inn i renna og blir ført mot Grautåna. Vi lager dessutan inntak med rister slik at bekkene går som før ned mot fjorden. Men det er begrensa kor mykje vatn som vil gå vidare dersom det er flaum, forklarer Vidar Øvrevik.
Han peikar i retning bekk to som renn ganske friskt i regnskuren. I det bratte terrenget kjem det godt med at han har erfaring med å byggje skogsvegar. Renna går på tvers nokre hundre meter i luftline ovanfor bustadfeltet, og er sprengt i fjell.
Fire millionar meir
Flaumsikringa er eit spleiselag mellom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Vindafjord kommune, der kommunen må betale femteparten av utgiftene. Kommunen har tidlegare punga ut ein million kroner, men med budsjettsprekk frå fem til ni millionar kroner, må kommunen ut med ytterlegare 800.000 kroner.
— Vi hadde eit overslag, men det viste seg at entreprisen låg langt over dette. Dessutan var det litt meir arbeid i grunnen, pluss at prosjektet vart litt større, forklarer Svein Arne Gjerstad, prosjektleiar for NVE region sør.
Ferdig i september
Grautåna blir hovudkanalen for alt ekstra vatn med storflaum. Elva er rydda og utvida slik at den har langt større kapasitet enn før. Ved tidlegare storflaumar har det vore på nære nippen at elva fløymde over og tok nytt løp i terrenget.
Under riksvegen har Statens vegvesen bygd ny og større kulvert som kan ta unna meir vatn i Grautåna.
— Heile arbeidet skal vere ferdig i september, og då får vi ei sikring som vil fungere godt. Siste etappe er ein kanal sør mot Strand, forklarar Svein Arne Gjerstad i NVE.
Prosjektet består av til saman 900 meter med avskjeringsgrøfter, 500 meter over Østbøfeltet og 400 meter med grøfter og røyr mot Strand.