Skilsmisse

Dei aller fleste av oss har eit forhold til kyrkja heilt frå me er små […]

Dei aller fleste av oss har eit forhold til kyrkja heilt frå me er små fram til slutten av livet. I over tusen år har kyrkja vore med på å forma Noreg og innbyggjarane. Kyrkja er altså ein svært viktig institusjon.

Mange skeptikarar til eit skilje mellom stat og kyrkje fryktar at kyrkja vil bli meir konservativ ved ei skilsmisse. Tysdag vart Nils-Tore Andersen valt av Kyrkjemøtet som ny leiar av Kyrkjerådet i Den norske kyrkja. Han er rekna blant dei konservative, og skeptikarar til eit skilje er nok neppe blitt meir for etter dette. Truleg utan grunn.
Den norske kyrkja har ein sterk posisjon i dag. Dersom ho skal ha det vidare må folk framleis føla at dei høyrer til i kyrkja. Uavhengig om det vert eit skilje eller ikkje så kan ikkje kyrkja fjerna seg frå folket, då har ho tapt.

Eit skilje mellom stat og kyrkje er naudsynt. I dag blir kyrkja i for stor grad styrt etter politiske retningar. Ved eit skilje må målet framleis vera at kyrkja når ut til flest mogeleg, og medlemmene i kyrkja må sjølv bestemma korleis det skal skje.
Dersom staten og kyrkja skil lag, må fleire medlemmer engasjera seg. Kyrkja har eit ansvar for at det skjer, og kyrkja sjølv er den som tener mest på eit større engasjement.
Når kyrkja vert fri frå staten må medlemmene inviterast til dialog om spørsmål som vedgår dei. Ein må få eit kyrkjedemokrati som både tek vare på medlemmene sine interesser og kyrkja som religionsutøvar. Men det er berre ved å lytta til medlemmene kyrkja kan vera sikker på at ho ikkje også skil seg frå folket, men framleis vert ein viktig institusjon i mange sitt liv.