Skitt la gå

Som mannen sa eingong han måtte overnatta ute saman med kameraten i eit fælt uvær: […]

Som mannen sa eingong han måtte overnatta ute saman med kameraten i eit fælt uvær: «Nå skulle det vore godt og lege bak kjerringa». «Ja», svara den andre, «men det bles nå somme tider der òg».
Det å vera ledar å kunne sjå til at alt fungerar som det skal, og på same tid ha krystallklare retningslinjer for det ein sjølv arbeider med, er ein gunst og ein kunst. Etter kvart blir det som f.eks. ei rettesnor i eit ansvarsområde, som blir delegert ned til kvar enkelt medarbeidar. Men dessverre er det ikkje alltid slik skjer. Eit godt eksempel på dette er forureining med utslepp der både Etne og Vindafjord kommunar kjem i fokus. Men kven har ansvar?
Det er vidt kjent at den politiske arena i svært mange saker faktisk er heilt utan ansvar om kva som blir gjort. Men kva med dei som er kommunalt tilsett? Har dei eit ansvar for kva som blir gjort, og kva som blir utført og handheva i den politiske arena, både statlege og kommunale? Er det verkeleg slik. Gjer kva du vil, det går så bra så?
Eit godt eksempel finn ein på Skånevikstrand der det på nittitalet og mot årtusenskiftet blei utført tilsynelatande godkjenning av slamtankar, der nokon måtte betala og nokon slapp fri utan å betala for kommunale tenester. Så har ein «Odysseen» om Brynjulv Hus og Etne kommune sine pålegg og dagmulkter.
Men kva med Etne kommune sine eigne utslepp i Skånevik? Kloakkutslepp går direkte til sjø, frå deler av Skånevik skule og frå ein del andre føretak og privatpersonar. Etter eit mudringsprosjekt ved Peparen badeplass og friluftsområde, boblar det nå opp forureina vatn mellom Peparen og land etter at kloakkledningen blei grove av og som hadde forureina gjennom fleire tiår. Dette går berre ikkje lenger. Her må miljøpolitiet koplast inn, samt kontrollkomiteen i Etne kommune, og ikkje minst det politiske miljø. Her må dei politiske miljøa ta fatt. Det ser ikkje ut som om det verken er vilje eller energi frå nokon å ta fatt i problemet.
Badesesongen er allereie begynt, og ein må kunne stille eit krav om at all forureina kloakkslam blir tilkopla eksisterande reinsesystem som allereie gjennom mange år har vore i bruk i Skånevik.

Ove Wiland
Skånevik