Skjenkeløyve

Dette spørsmålet har og vore førelagt fylkesmannen i Rogaland som stadfester at dette er fullt […]

Dette spørsmålet har og vore førelagt fylkesmannen i Rogaland som stadfester at dette er fullt lovleg.  Utvalet er breitt samansett med 7 politikarar.  Fagpersonar i kommunen (rådmannen) lagar utgreiing og innstilling, og denne blir drøfta i alle gruppemøte før utvalsmøta.  I sist møte i OPOM deltok både rådmann og ordførar i tillegg til fem av dei faste medlemane.  Eg vurderer difor utvalet som fullt kompetent til å vurdera og ta avgjerder i denne type saker.
I nemde sak var det lagt fram ei utgreiing og tilråding frå lensmannen i Vindafjord, som klårt rådde i frå at ein ga skjenkeløyve, grunngjeve m.a. med ordensmessige argument og erfaringar frå tidlegare: «Den trafikk som blir mellom fleire skjenkestader fører lett til valdsutfolding som er uynskja i kommunen». Han seier vidare at: «Naboar har også vore plaga med urinering i vegar og hagar.»   Protestskriv og underskriftsliste frå bebuarane vart lagt fram i møtet og alle momenta vart grundig drøfta. 
 Underteikna sette derfor fram fylgjande motforslag:
«Utval for oppvekst og omsorg syner til tilråding frå lensmannen og innkomne protestskriv frå bebuarar i Ølen sentrum og går ikkje inn for at det vert gjeve allment skjenkeløyve til Meierikjellaren sine lokale i Sjoargata i Ølen sentrum.»
Av dei 5 røysteføre medlemane i utvalet røysta 2 for dette framlegget, og 3 for rådmannen sitt framlegg.
Fleirtalet som dermed gjekk inn for skjenkeløyvet, gjorde det med opne auger og god kunnskap om dei problem som vart påpeikt frå både lensmann og bebuarane i Ølen sentrum.  Dette rokkar ikkje med kompetansen til utvalsmedlemane, men det er all grunn til å stilla spørsmål med dei haldningar som har fått utvikla seg i samfunnet vårt med tanke på bruk av alkohol.  Det blir av mange framstilt som ein menneskerett og noko som er avgjerande naudsynleg for å driva næringsverksemd innan servering.  Dette trass i kraftige advarslar frå helsepersonell, politi og andre organ som må ta seg av problema som alkoholbruken skaper i lokalsamfunnet.  Mange heimar som går i oppløysing.  Born som veks opp med foreldre som er rusa både i helgar og midt i veka. Bråk og uro slik ein t.d. kan lesa om i utgreiinga frå lensmann og dei som bur tett i Sjoargata. Auka valdsbruk i helgane.
Vi som er vaksne er førebilde for born og ungdom.  Når vi vaksne tillet oss å nyta alkohol i så store mengder som statistikkane syner, så blir det dette som er førebildet for dei som veks opp.  Medan ungdom for ein del år sidan kunne koma i saman og ha det kjekt utan rus, er dette i dag svært sjeldan.  Og dette smittar nedover.  Born heilt ned i 14 års alderen debuterer med rus i lokalsamfunnet vårt. Er det slik vi ynskjer det?  Ja, eg trur meir og meir at det er det mange ynskjer.  Foreldre sender alkohol med 16 åringen sin på fest, «for då veit vi i alle fall kva dei drikk», seiest det.  Andre som etter kvart er vortne vaksne tenkjer attende og fortel at: «Då drakk vi dette i tillegg til det vi fekk på festen.» 
Når fleirtalet av politikarane er samde med rådmannen si innstilling om å auka talet på skjenkeløyve, så tek dei på seg eit stort ansvar.  Eit ansvar for å syta for at dei tilstandane som lensmannen skriv om i si tilråding, ikkje blir realitet. Eit ansvar for rådmannen om å utgreia og tilrå tiltak som sikrar bebuarane ro og sømelege forhold både i Sjoargata og andre stader. Og ikkje minst eit ansvar for oss som politikarar til å vedta og stilla til rådvelde den økonomi som ein treng for å gjennomføra slike tiltak. Dersom vi, medlemar av Vindafjord kommunestyre, ikkje er samde i dette – så bør vi heller ikkje vera samde i at det skal gjevast skjenkeløyve, men røysta imot.  Førebilde er alltid ovanfrå og nedover. Difor må vi som politikarar vera gode førebilde for folket med å avstå frå å rusa oss og særskild må dette gjelda på kommunale arrangement. Kan hende kan då nye haldningar smitta over på dei andre vaksne og vidare over på ungdomar og born. Det er dette som er haldningsskapande tiltak, dette merkelege ordet som vi skriv om så ofte, mellom anna i dei mange planane som kommunen har utarbeida.
Eg takkar innbyggjarane i Ølen sentrum for sitt engasjement og innspel i kampen mot rus og bråk i sentrum, noko eg gjerne stør opp om.

Steinar Skartland
Leiar i Utval for
Oppvekst og Omsorg
Kommunestyrerepr. for
KrF i Vindafjord.