5. divisjon Rogaland avd. 4
Høle IL – Skjoldar 3-4 (0-1)
Målscorarar for Skjoldar: Kurt Rødde 2 Kjerand Haugen 1 Thomas Gausvik 1
Komande laurdag møter dei igjen Høle Il på heimebane, og då vil det heile bli avgjort. Men trenar Linda Worre Bråtveit er glad i telefonen etter kampen. Ho fortel om ein kamp der Skjoldar hadde kontrollen.
— Vi brukte 15 – 20 minuttar i første omgang før vi fekk spelet i gang, men så lausna det, og vi leia 1-0 då første omgang var over. Det var Kurt Rødde som scora dette målet.
Etter pause la Høle om spelet sitt med to framme, og prøvde å demme opp for oss. Men det lukkast ikkje, og Kurt Rødde scora igjen til 2-0. Det same gjorde Kjerand Haugen til 3-0 og snart scora Thomas Gausvik til 4-0. Då stod det igjen omlag ein halvtime av kampen.
Men sjølv om vi hadde spelet, greidde Høle å score tre mål den siste halvtimen. Det eine på straffe.
Linda Worre Bråtveit legg ikkje skjul på at det var spenning dei siste minuttane.
— Vi har vore borti dette før, å ha kontrollen og så glepp det på slutten, men denne gongen heldt det.