Skjoldar vann fortent

Fotball, 5 div, menn, avd 04. Skjoldar – Haugar 2-1 (1-0) 1-0 Leif Arne Svendsbøe, […]

Fotball, 5 div, menn, avd 04.
Skjoldar – Haugar 2-1 (1-0)
1-0 Leif Arne Svendsbøe, 10 min.
2-0 Thomas Gausvik, 60 min.
2-1 Haugarspelar, 90 min.
Gule kort: Thomas Gausvik, Skjoldar og ein Haugarspelar.
Dommar: Per Andreas Mølstre, Djerv 1919.
Om lag 20 tilskodarar

Skjoldar opna kampen best, og slik heldt det fram gjennom heile kampen. Skjoldar hadde overtaket, og slapp aldri Haugar inn på eigen banehalvdel. Med godt midtbanespel av Kurt Rødde, viste han kva ein kaptein har som rolle. Det som kom ned av ballar på midtbanen vart vunne av nettopp Skjoldar sin kaptein. Det tok ikkje meir enn ti minutt før det fyrste målet kom, og heimelaget fekk hol på byllen. Eit hardt innlegg kom frå høgrekanten og inne ved mål kunne ein nøgd Leif Arne Svendsbøe setje inn kveldens fyrste mål med eit knallhardt skot på direkten. Etter dette vart det ikkje fleire mål i fyrste omgang, og heller ikkje dei store sjansane til nokon av laga.
Andre omgang opna friskare igjen etter ein kvilepause med drikke og nokon godord frå trenaren. Skjoldar trengte denne sigeren om dei skulle hengje med og ikkje liggje i botn av tabellen. Dei klarte fint å halde Haugar vekke, men fekk ikkje mål på dei store sjansane sine. Eit aggressivt Skjoldar skapa store problem for Haugar, og Skjoldar fekk sitt andre mål etter eit kvarters spel ut i andre omgang. Ein kjempecorner vart lagt frå Svendsbøe og rett inn i boksen der Thomas Gausvik kunne rett etter læreboka heade ballen kontant i mål, og føre laget opp i leiinga 2-0. Gausvik hadde også fleire sjansar etterpå, blant anna eit skot som gjekk rett innanfor stanga, men rett ut igjen, og vart dermed eit annullert mål. Haugar fekk sitt trøystemål på overtid då det var mykje fram og tilbake i feltet. Ingen klarte å klarere ut, og ein haugarspelar sette ballen inn bak Skjoldarkeeper Jarle Rødde.
— Me vant fortent, sjølv om det vart litt panisk på slutten. I det siste har me hatt mykje stang ut, så det var bra å få i hamn denne sigeren her, seier Arne Grunnaleite, som er mellombels trenar for Skjoldar.
Han vil jobba med å halde laget sitt i divisjonen.
— Det kan bli hardt, me har ein jamn divisjon. Om me brukar sommaren til god trening, og ikkje får for mykje skadar, bør det går bra.