Skog utløyser store verdiar

Ofte var det skuleelevar som blei nytta som arbeidskraft. Det er mange som i dag […]

Ofte var det skuleelevar som blei nytta som arbeidskraft. Det er mange som i dag kan sjå oppover kraftige furulegger og stolt fortelja at den skogen har eg vore med og planta. Ein ivrig målberar for å kle landet med skog i vårt distrikt, var skogmannen og diktaren Olav Vik. Kvart nyplanta tre var for han like kjært som eit lite barn.

På 50- og 60-talet blei det kanskje ikkje tenkt like mykje over korleis all denne skogen skulle takast ut om 50-60 år. Det var jo langt fram og den tid den sorg. Det er ikkje nokon løyndom at alle stader det blei planta til med skog, ikkje var like godt eigna til føremålet. Problemet skogeigarar har stått overfor er korleis dei skal komma seg fram i bratt og ulendt terreng.

Men i løpet av alle desse åra har ny teknologi blitt tatt i bruk i skogbruket så vel som i andre greiner innan jordbruket. På eit 40 dekar stort felt i Osvåg i Etne blir det i desse dagar tatt ut meir enn 2.500 kubikk med gran. Det tilsvarer 6000 tre. Skogeigar Erik Tjelmeland har hyrt inn skogentreprenørar til å ta ut skogen. Med den store tilveksten dette feltet har, ville det tatt 15 år og tatt ut skogen på vanleg måte. Nå blir jobben gjort på nokre veker.

Skogeigaren trur ikkje han blir rik på skogen. Men når den mørke skogen er vekke, vil eit heilt nytt landskap opna seg. I staden for å planta arealet til med ny skog, kan det nå bli nytt tomteland. Med si unike utsikt over Etnefjorden og relativt nært sentrum, er me ikkje i tvil om at dette området vil bli populært til tomter. Ved å gjera skogsområdet om til tomter, får området dobbel verdi. Først betaling for skogen og så for attraktive tomter. Det vil etter vår meining vera ei svært god investering, både for grunneigar og for samfunnet.