Skrapar i saman hjelpa

Jon Oddvin Moe (bildet), leiar for Skigruppa i Etne IL, har allereie funne ein plass […]

Jon Oddvin Moe (bildet), leiar for Skigruppa i Etne IL, har allereie funne ein plass til oppsamlinga av metallskrap. Nå er det berre å laga tilvisningsskilt, og aksjonen er i gong. Neste veke kan både bedrifter og folk flest køyra skrap til Bondelagstomta på Tongane.
— Me har vurdert å oppretta også andre oppsamlingsplassar i kommunen. Me er veldig taksamme til Etne bondelag for at me får bruka deira tomt, seier Jon Oddvin Moe.
— Kvifor er de med på denne aksjonen?
— Aksjonen er retta til alle lokale idrettslag i Noreg, og midlane av metallskrapsalet går til fleire gode saker. Gjennom bidrag støttar ein sitt lokale idrettslag, samt Plan Norge sitt arbeid i Sudan. Samstundes hjelper ein å halda lokalmiljøet reinare, forklarar Moe.
Samla prosjekt
Pengane skigruppa får skal gå til arbeidet med lysløypa på Kritle. Innsamlinga skal gå ut året, og skrapet vert henta i januar.
Prosjektet, med namnet «Gi jernet», er eit fellesprosjekt mellom Plan Norge, Norway Cup og AF Decom i Vindafjord. Sistnemnte står i dette prosjektet bak Noregs største humanitære sponsoravtale.
Generalsekretær i Plan Noreg, Sandro Parmeggiani, opplyser at ein del av årets inntekt skal gå til hjelpeorganisasjonens arbeid i Sudan, eit land som manglar fungerande infrastruktur etter ein lang borgarkrig.
Frode Kyvåg, generalsekretær i Norway Cup meiner at aksjonen kan gje ekstratilskot på 75.000 kroner i klubbkassar rundt i landet.