— Det er rett og slett tragisk. Eg veit ikkje heilt kvar eg skal begynna, sa ein tydeleg sjokkert bonde, som bur på Heimdal gard på Øvre Hallingstad i Vikedal.
Ved 04.30 tida natt til søndag høyrde han eit forferdeleg brak ute. Det viste seg at halve taket på grisehuset var rivna av. Taket lausna i fleire omgonger og landa på taket til dei to bustadhusa på garden, som ikkje står så langt frå kvarandre, og vidare ut på vegen. Augevitne Reidar Staknes som var ute og køyrde den natta, fortel at vegen var blokkert av trebord, isolasjon og takplater som låg og slengte rundt omkring.
Evakuerte dyra
— Eg hadde 230 slaktegrisar inne i fjøset. Då dette skjedde ringte me til Fatland for å be dei å henta grisane. I 6-tida kom slaktebilen og me klarte å få dyra vekk. Det var heilt svart ute, og delar av grisehustaket fauk rundt oss. Heldigvis har me fått hjelp av naboane, fortel Paul Ove Espevoll.
Grisane er berre 40-50 kilo nå, og langt frå slakteklare. Men med grisehuset utan tak, er det ikkje fleire alternativ å velja i, enn å levera dyra til slakt.
Skada hus
Taklaust grisehus er berre ein del av skadane som garden på Øvre Hallingstad vart påført av den ekstreme vinden natt til søndag. Begge bustadhusa på garden har fått skadar. Eit digert flak av grisehustaket landa på hustaket til Paul Sigurd Espevoll, far til Paul Ove Espevoll, og slo gjennom det og ned til loftet.
— Eg har aldri opplevd noko slikt før. Taket vart rasert og eit vindauge i stova vart knust. Det er glasskår inne i stova og over alt, sa Sigurd Espevoll.
Hjå Paul Ove Espevoll var taket på huset, terrassen og leikehytta til ungane raserte.
— Dette ser ut som ei bombe har eksplodert på garden, dersom eg skal samanlikna det me noko, sa ein oppgitt Paul Ove Espevoll.
Det gjekk greitt med bror hans, Svein Espevoll, som bur rett over vegen.
— Den avrivne takdelen, som først landa på hustaket hjå far min, landa etterpå utafor huset til bror min. Meir skjedde ikkje hjå han, sa grisebonden.
Farleg
Heile Hallingstadsletta låg dekt i gule isolasjonsbitar og brekte delar. Desse fauk fleire hundre meter frå det øydelagde grisehuset. Blikktakplater låg fanga i trea langs vegen så langt som tre – fire hundre meter mot Vikedalsdalen.
Det var mange som tok seg av opprydningsarbeidet grytidleg søndag morgon – folk frå el-laget, brannvesenet, pluss folk som hjelpte å få grisane opp i slaktebilen. Alle var utsette for stor risiko. Dei kunne vorte trefte av takdelar som låg overalt, kva tid som helst.