Skummel utvikling

Litt av årsaka til at talet på narkotikasaker aukar har sjølvsagt samanheng med at politiet […]

Litt av årsaka til at talet på narkotikasaker aukar har sjølvsagt samanheng med at politiet har sett inn meir ressursar på dette feltet. Det er likevel ikkje heile forklaringa. Tala viser at narkotikamiljøet er i vekst, og det ser også ut til å slå rot i nye bygder. Dette er skummelt med tanke på at det ikkje er eit slikt oppvekstmiljø me ønskjer oss. For saman med narkotikakriminalitet, aukar også innslaget av vinningskriminalitet.

Ein auke i vinningskriminaliteten blir merkbar for innbyggjarane i kommunane på ein annan måte enn narkotikamisbruket åleine. Vinningskriminalitet går ut over andre enn misbrukaren. Ein annan måte narkotikamisbruket blir merkbart på er auken ein ser i køyring i rusa tilstand.
Fleire og fleire bilførarar køyrer ifølgje statistikken til lensmannskontoret anten i narkorus eller med promille, og ein opplever også dødsulykker på grunn av dette. Rusa sjåførar er ikkje berre ein fare for seg sjølv, men også for alle andre trafikantar som er ute på vegane – både som gåande og køyrande. Av den grunn er dette eit problem ein må ta svært alvorleg.

I fjor kom også politiet over meir dopingmidlar enn før. Samfunnet me lever i er blitt så kroppsfokusert at mange vel å ta kunstige midlar for raskare å nå målet. Slik burde det sjølvsagt ikkje vera.
Haldningar er eit viktig stikkord i denne samanhengen. Haldningar må ein læra tidleg, og fleire har ansvar for det. Det handlar om å skapa eit betre oppvekstmiljø for barn, ungdom og familiane, og politiet etterlyser ein SLT-koordinator som kan samordna lokale kriminalitetsførebyggande tiltak. Statistikken viser at det er behov for det.