Slått med flaske

I tre-tida natt til laurdag skal ein mann i 30-åra ha blitt slått med ei […]

I tre-tida natt til laurdag skal ein mann i 30-åra ha blitt slått med ei flaske av ein mann i 20-åra. Hendinga skjedde utanfor Gjestegården i Ølen. Mannen som vart slått vart sendt til legevakta for behandling.
— Den fornerma har sagt han ikkje vil melde forholdet, og politiet gjer dermed ikkje noko meir med dette, fortel operasjonsleiar Thor Gunnar Westlye ved Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.