Trommar i gang kulturverkstad i tunet

Huset er restaurert, men stemninga inne i bygningen er frå eit anna hundreår, nesten som […]

Huset er restaurert, men stemninga inne i bygningen er frå eit anna hundreår, nesten som å vere på museum. Musikkpedagogen Susanne Omdal bur på eit småbruk på Haugsgjerdet på Bjoa.
Det må vere midt i blinken for ein kulturverkstad som også bruker naturen, var ideen hennar. No skal ho snart i gang med dei første kursa.

Ny vri

Det gamle våningshuset frå 1808 var lite i bruk og stod ledig for ein god ide. Dermed var ho i gang med programmet for Øygarden kulturverksted, og søknadspapira til Staten nærings- og distriktsutviklingsfond vart sende. Der var det lutter velvilje og Omdal fekk 50.000 kroner i tilskot.
— Pengar kjem godt med når ein skal restaurere eit gammalt hus, men det er kanskje endå viktigare at det fortel at andre trur på prosjektet ditt, seier Omdal.
— Eg er opptatt av musikk og kultur, og det er kjekt å kunne bruke garden til noko. Tradisjonelt landbruk gir jo ikkje så store inntekter på eit småbruk.

Dyr

Husrom og natur er det derimot nok av. I Øygarden Kulturverksted har Susanne meir enn musikk, dans og song og forming på programmet. Deltakarane skal også få oppleve natur og dyreliv.
— Barn er opptatt av alle desse tinga og har glede av dei. Så kvifor ikkje blande fleire opplevingar og aktivitetar. Det er alt for lite vanleg i kulturskulane, seier Omdal.
I besøksfjøsen står både islandshest, kaninar, marsvin, ender, afrikansk dverggeit og kanadisk hengebuksvin, i lyse bingar med dekorerte vegger.
— Eg har valt små dyr som ungane kan gå inn til, klappe og føle seg trygge på, fortel ho.

Barn og foreldre

Målgruppa er i første omgang småbarn opp til fem år. Omdal har arbeidd i den kommunale kulturskulen, og Øygarden kulturverksted har tilbod til ei litt yngre aldersgruppe enn i kulturskulen.
— Det er viktig for barn og foreldre å gjere noko saman. I kulturverkstaden kan dei også få idear til kva dei kan gjere heime. Kulturverkstaden skal ikkje minst vere sosial og ein god stad å vere, seier ho.
Omdal skal ha fem ulike kurs i første omgang, alt ettearar på langorv.

Stuttorv, menn
Senior:

1. Lars Egil Bakka, Suldalsosen, 33,8 poeng
2. Kjell Børtveit, Haus, 33,0 poeng
3. John Magne Fjæra, Ølensvåg, 27,3 poeng

Eldre:
1. Olav Teigland, Vinje, 34,2 poeng
2. Knut A. Molla, Sauda, 34,0 poeng

Stuttorv, kvinner
Senior:
1. Janne Bergland, Sand, 25,7 poeng

Eldre:
1. Anne Marie Leth, Skjoldastraumen, 29,3 poeng
2. Margit Teigland, Vinje, 24,3 poeng
3. Martha Nybru, Saudasjøen, 18,0 poeng

Tevling om vandrepokal langorv
Vinnar:

Lars Egil Bakka, Suldalsosen, 37,4 poeng
I alt 11 deltakarar på stuttorv.