Slo til mot heimebrent

Det har sirkulert ulovleg brennevin blant utanlandske arbeidstakarar på bedrifter i Vindafjord den siste tida. […]

Det har sirkulert ulovleg brennevin blant utanlandske arbeidstakarar på bedrifter i Vindafjord den siste tida. Salet av den ulovlege brennevinen har spora tilbake til lokale personar. I helga slo politiet til i mot to personar, mistenkte for sal av heimebrent. Politiet pågreip ei lokal kvinne som skulle levera 25 liter heimebrent sprit. Dette førte vidare til ransaking av ein mann der politiet fann 16 liter heimebrent. Kvinna blei også fråteken førarkortet grunna mistanke om promillekøyring.
Politiet har motteke fleire tips om sal av ulovleg sprit den siste tida. Fleire bedrifter i distriktet har vore nøydde til å senda heim att utanlandske arbeidarar grunna alkoholmisbruk.
— Så stor konsentrasjon av utanlandske arbeidarar med mykje fritid, vil føra til at dei tek imot slike tilbod om heimebrent, fortel lensmann Ingvard Gjerde ved Vindafjord lensmannskontor.

Politiet etterlyser nå fleire tips om sal og produksjon av heimebrent sprit.