Snø blei til regn

Dette bildet er frå Ølen sentrum sundag ettermiddag. Kulda er over for denne gong. Etter […]

Dette bildet er frå Ølen sentrum sundag ettermiddag. Kulda er over for denne gong. Etter ein lang periode med mange minusgrader, kom mildvêret.
Natt til sundag kom det rundt ti centimeter nysnø i store deler av Grannar-distriktet. Men utpå dagen slo det over til plussgrader og regn.
Over helga er det meldt surt vêr med temperaturar rundt null og til dels nokre varmegrader. Det vil ikkje bli dei store nedbørsmengdene, melder yr.no.