Snur med eintydig støtte frå partiet

Det store spørsmålet er om det er mogleg å samle Etne Høgre om Enge etter […]

Det store spørsmålet er om det er mogleg å samle Etne Høgre om Enge etter at nominasjonskomiteen vraka Enge til fordel for advokat Roe Lauvås.
Ordførar Enge gir ikkje eit konkret svar på kva som skal til for at han skal ta kampen opp på nominasjonsmøtet. Litt av svaret kan ha få på eit møte nominasjonskomiteen kallar inn til i dag der listekandidatane er invitert.
Berre full tillit
— Eg har fått eit himla tydeleg signal om at eg ikkje er ønskt lenger. Difor må det kome eit veldig tydeleg signal frå partiet at det berre vil ha meg, dersom det skal bli aktuelt å stille. Om situasjonen oppstår, må eg også ta dette opp med familien, seier Amund Enge.
Men realiteten så langt er at nominasjonskomiteen har peika på Roe Lauvås som toppkandidat, og at Enge har tatt konsekvensen ved å trekkje seg frå politikken.
Leiaren i nominasjonskomiteen, Tora Lilledal, ser det ikkje som aktuelt å endre toppkandidat på lista dei har lagt fram.
— Den er endeleg for vår del. Det er eit forslag, og det er opp til andre å eventuelt fremje andre kandidatar på nominasjonsmøtet. Vi lever i eit fritt land, seier ho.
Presentere Lauvås
Siktemålet med møtet i dag er først og fremst å presentere Roe Lauvås for dei andre kandidatane på lista. Pluss at vrakinga av Amund Enge har fått fleire personar på lista til å vurdere å trekkje seg. Det gjeld mellom anna politikarar som har plass i kommunestyret i dag.
Ole Funderud og Therese Lundal Hustvedt er to av dagens kommunestyrerepresentantar som har sagt ja til attval. Den tredje utanom Amund Enge som ønskte attval, er Roar Gundegjerde. Han er med i nominasjonskomiteen som vraka Enge.
Den første reaksjonen til både Funderud og Hustvedt var at dei ville trekkje seg frå lista då dei vart klare over at ordførar Enge var vraka til fordel for Lauvås.
No har dei bestemt seg for å kjempe for Enge sitt kandidatur.
Kjempe for Enge
— Eg er usikker på kva eg skal gjere. Då eg sa ja, var det ikkje snakk om andre enn Enge på topp. Eg er ikkje tilfreds med prosessen som har vore. Eg vil arbeide for at Amund Enge framleis skal vere partiet sin toppkandidat. Vi får sjå kva som skjer på nominasjonsmøtet, seier Therese Lundal Hustvedt.
— Den første reaksjonen var at eg ville trekkje meg, men no har eg bestemt meg for å bakke opp Amund Enge. Fleirtalet i kommunestyregruppa er for Enge, og det er mange i partiet som ikkje likar det som skjer, seier Ole Funderud.
Begge meiner det har vore ein uryddig prosess fram til vrakinga av Enge, og meiner han er ein betre kandidat enn Lauvås.
Dolka i ryggen
Amund Enge reagerte med å varsle at han vil trekkje seg frå politikken då det var kjent at ha var vraka som ordførarkandidat. Han følte seg dolka i ryggen etter snart åtte år i ordførarstolen.
— Eg er ikkje interessert i dette spelet lenger, og eg aktar ikkje å ta ein kamp om førsteplassen på Etne Høgre si liste. Det gav eg komiteen melding om. Noko anna enn topplassen er uaktuelt. No tar eg først om fremst omsyn til familien min. Eg vil ikkje utsetje dei for presset lenger, var den første reaksjonen han gav etter at nominasjonsnemnda si endelege innstilling var klar.
Han følte at ein klump i magen vart vekke etter at han hadde sagt at han ville gi seg i politikken.

Les meir i papiravisa.