Songkoret

Ei tid hadde me songkor i skulen. Det var ein med etternamn Rosenlund som var […]

Ei tid hadde me songkor i skulen. Det var ein med etternamn Rosenlund som var dirigent. Han spelte fele og. Straks etter eg var ferdig med folkeskulen, vart eg med i songkoret til Paul Widrøe, og seinare i koret til Sverre Ness. Eg sakna måndagskveldane då me hadde øving. Dei fleste som var med i koret er nå borte, men me som sit att minnes dei, og den tida me fekk vera ilag. Eg minnes og då me reiste til andre bygder og song på møter og stemner.
Syng, syng, syng og ver glad, syng med den stemmen du har!

Ingvald Åsheim