Sov rusen ut i bilen

Tysdag føremiddag fekk politiet melding frå ein turgåar om at det låg ein tilsynelatande livlaus […]

Tysdag føremiddag fekk politiet melding frå ein turgåar om at det låg ein tilsynelatande livlaus person i ein bil ved gamle Etneveg. Politiet rykka ut, og det viste seg at Etne-mannen i 20-åra låg å sov ut rusen. Politiet ransaka mannen og tok beslag i mindre mengder hasj og narkotiske tablettar. Mannen erkjente straffeskuld og vil få eit førelegg for forholdet. Bilen var uregistrert, og Etne-mannen, som er utan førarkort, innrømma også å ha køyrt i påverka tilstand.