Spesiell sesong for laksefiske

— I Vikedalselva var denne sesongen heilt spesiell på grunn av uvanleg vêrforhold og vassføring. […]

— I Vikedalselva var denne sesongen heilt spesiell på grunn av uvanleg vêrforhold og vassføring. Lita elv har me hatt kvart år, men ikkje så lenge som i år då det var lite vatn i løpet av nesten heile sesongen, fortel Ola Gjerde.
Han seier at det er vanleg ikkje å få napp så lenge det er fint vêr. I år vart godvêret avbrote berre med ein liten flaum i juli, og månadsskifte august – september.
— Det var ein liten stigning i elva i starten av september og ut sesongen, men likevel var fisken lite bitevilleg. Me såg at det var normalt med fisk i
Ørneshølen, men noko stor fangst blei det ikkje likevel, seier Gjerde.
— Kan det fine vêret vera grunn til at laksen hadde nok mat i elva og derfor ikkje ville bita?
— Eg trur ikkje eg kan svara på dette, for det finst mange ymse teoriar på kvifor fisken ikkje vil bita, seier Gjerde.
Ifølgje Gjerde var det periodar då det ikkje ein einaste mann prøvde seg på laksefiske i elva.
— Det vanlege er at me først gjerne har lita vassføring, men etterkvart kjem det flaum som ber med seg ny fisk. I år vart me lurte i dette, då flaumen kom i starten av september, men ikkje fisken, fortel Gjerde.
Små fiskar
Ola Gjerde fortel at gjennomsnittleg storleik på laksen som var fanga var mindre enn i fjor.
— Veldig få av dei var over sju kg. Storparten av laksefangsten låg på omlag tre-fire kg. Storleiken er heilt vanleg for Vikedalselva, men i fjor vart det teke omlag ti laks mellom tre og sju kg, opplyser Gjerde.
Ein meir detaljert statistikk om laksefiske i Vikedalselva er ikkje tilgjengeleg før måndag, då Vikedal Elveeigarlag skal ha eit møte for sesong oppsummering.
Trass i den elendige fiskesesongen, trur ikkje Ola Gjerde at det kjem til å påverka neste års laksesesong.
— I år var det færre fiskarar enn i fjor på grunn av det vêrforholdet me hadde. Men interessa for laksefiske plar ikkje å dabba av etter berre ein dårleg sesong, meiner Ola Gjerde.
Jamt og godt i Etne
Nick Jacobsen, formannen i Etne elveeigarlag, fortel at fiskesesongen i Etneelva var prega av lang tørke i juli og august, men før det var fangsten veldig bra.
— Det var ein god og jamn sesong med fiskefangst i overkant av tre tonn. Mykje av mellomlaks, medan det vart fanga lite av stor- og smålaks. Dei endelege tala kjem etter helga, men det ser ut til at laksen utkonkurrerte sjøaure — det vart fanga mindre av den i år, opplyser Nick Jacobsen.
Han kan med glede opplysa at den nylege teljinga av gytefisk i Etneelva lova ein god fiskesesong neste år.